tirsdag 27. oktober 2009

Alta og Kautokeino




Ja, det er vistt kritikkverdige forhold her på bloggen - får beskjed om at eg må oppdatere oftare. Hehe.....ja, eg må visst skjerpe meg.

Dagane fyk avgarde og eg har vore både her og der den siste tida. Sida sist har eg til dømes vore ein tur til både Alta, Kautokeino og Loen. I Alta var det konferanse i regi av utdanningsdirektoratet. Vi la fram for andre korleis vi dei siste åra har jobba med språkstimulering i skule og barnehage her i kommunen. Vi fekk veldig mykje gode tilbakemeldingar på arbeidet vårt, så det var kjekt. For å få litt meir ut at turen reiste vi opp to dagar før konferansen. Alta er vel ikkje den vakraste byen i Noregs land, men nokre butikkar datt vi no innom. Utruleg praktisk å bu på eit hotell i enden av ei handlegate...

Ein av dagane leigde vi oss bil og kjørte til Kautokeino, som ligg ca. 2 timar unna. Det var tørt og fint over Finnmarksvidda og nokre reinsdyr fekk vi også sjå (sjølv om nokon i bilen trudde det berre var nokre skinn som hang der i skogen.........heilt til dei bevegde på seg.........det var utrulig komisk og det blei mykje latter ut av det). I Kautokeino besøkte vi Juhl Sølvsmie og galleri, eit særdeles interessant bygg med mykje innhald. Eg endte opp med to flotte sølvringar av Regina Juhl og eit måleri som Frank Juhl har mala. Ganske so nøgde med begge deler. No kjem det heilt ann på om eg får ramma inn dette måleriet då....


på veg tilbake ville vi ha noko å ete, men servingsstadar var det heller dårleg med. Vi enda opp med ei pølse med brød på Statoil. Jammen santen kom det ikkje inn ein innbyggar inn i fullt samisk antrekk også, så då var jo turen fullkommen :)

søndag 11. oktober 2009

Framgang

Utrulig nok har vi framgang på utestua, og det grunna fint ver! Ja, det er ikkje til å tru, men det har faktisk vore opplett i helga. Det har resultert i shingel på taket. Juhuuu!!!
Vi er ikkje heilt ferdig då. Denne gongen er det kun Leo som har jobba på taket, medan eg har gjort anna førefallande :) I morgon er det også meldt opplett, så då får vi sjå om ikkje siste resten også blir ferdig.

tirsdag 6. oktober 2009

Gløymte ein liten detalj...

Eg gløymte jo å legge ut det viktigaste bilete!!!!

Når eg skreiv vi, så meinte eg faktisk vi altså. Yes eg har snikra til den stoooore gullmedalje. Har ei merkeleg smerte i ein eller anna muskel i armen - trur det blir kalla gangsperre :) (best å ikkje nemne det høgt, då blir eg vel mobba for det...). Eg har faktisk spikra dei fleste spikrane i det taket der! Godt nøgd med innsatsen.




Og etter at eg hadde snikra tak så gjekk eg inn og lagde ei stor panne med komle (skal sei eg har mange strengar å spele på, hehe...). Har ikkje ete komle på uendeleg mange månedar, så det smakte fortreffeleg etter ein arbeidsdag på taket :)

Utestue

Ja, då er vi endeleg eit steg nærmare ei utestue. I går var det faktisk opplett store delar av dagen, så vi fekk snikra ferdig taket på utestua. Vi skal ha shingel på toppen, men fekk ikkje tid til det. Vi har lagt presenning på slik at materialen ikkje blir heilt gjennomvåt. vi må jo ha tørt tre når vi skal legge på shingelen og i desse tider er det laaaangt mellom dei tørre dagane. Det er faktisk meldt opplett på torsdag og fredag. Forhåpentligvis kan vi få lagt taket ferdig då. Her er iallfall nokre bilete av prosessen (men har ikkje bilete av tak og presenning. Det kjem ein dag det er opplett igjen...).

No over til noko heilt anna:
Hjorten er eit fantastisk flott dyr. Vi har to hjortar som travar rundt i nabolaget vårt heile natta. Det er ei kolle og ein kalv som kvar kveld går gjennom hagen vår og ned i nabolaget. Her ein kveld spaserte dei ned snarvegen framfor huset vårt allereie i 21.30-tida. Dei går gjerne ikkje opp att i skogen før langt ut på morgonkvisten. Dette bilete har eldstedattera tatt ein dag dei skulle på skulen. Sjølv om eg har hjortar i hagen ofte og ser dei langs vegen stadig vekk, så blir eg aldri lei av å sjå på dette flotte dyret. Eg blir like fasinert kvar gong. Desse hjortane her er iallfall så tamme at dei reagerer ikkje noko særleg på bilar eller menneske. Eg kom kjøyrande ein morgon då dei stod midt i vegbana. Dei gadd knapt å flytte på seg slik at eg kunne kjøyre forbi. Kanskje tettbygde strøk er den tryggaste staden å vere no i jakta...