lørdag 31. januar 2009

Stoffmuffins

Eg har faktisk laga stoffmuffins i helga. Eg reiste på hytta på fredag og kom igjen idag. Eg og mamma kjøpte først stoff i Førde, så det blei nokre dyre muffins for å seie det sånn. Eg lagde ein muffins i går og to idag. Dei er jo eigentleg utruleg enkle å lage då, og kjempesøte syns eg :)

mandag 26. januar 2009

søndag 25. januar 2009

Eg har scrappa på lerret i helga.

Så var enda ei helg snart forbi. Her har det eigentleg vore eit kjempefint ver denne helga. Unger og mann har vore ute og kosa seg ,men ikkje eg :) Eg har vore inne og kosa meg eg :)

På fredag var eg på jentekveld, og då byrja vi å snakke om decoupage. Eg blei eigentleg veldig inspirert av praten, så laurdags morgon heiv eg meg rundt og rigga meg til med både servietter, lerret, lim og maling. Eg begynte bra med å lime på litt, male, krakkelere og i det heile tatt. Medan eg venta på at ulike ting skulle tørke, så begynte eg å scrappe på eit lerret også. Det heile endte med eit scrappa lerret som no har fått sin plass i trappa (dei andre prosjekta blei sjølvsagt liggjande). Eg blei eigentleg ganske fornøgd med det. Resten av helga har gått med til å ferdigstille ein del kort som eg har laga framside til, men ikkje gjort noko meir. Så i dag har eg gjort desse ferdig inni.

søndag 18. januar 2009

Så var helga over.

Jaja, så var den helga over. Den gjekk så altfor fort. Fredag hadde Alice bursdag, så då var det jentebesøk i kjellaren med snop og pizza. På laurdag var det familiebesøk med kaker og brus :) Alice og Denise hadde laga kakene sjølve og stod på kjøkkenet omtrent heile laurdagen. Dei baka muffins, brownies og gulrotkake (vi hadde nok mat for å sei det slik). Brownies'ane blei ikkje heilt som forventa då dei las litt feil og putta opp i 8 dl vatn i stadenfor 2 dl. Hi hi. .. Heldigvis var dei no såpass snarrådige at dei fyllte opp med kveitemjøl, så det blei sjokoladekake istadenfor brownies. Den smakte uansett heilt greitt.

I dag har eg faktisk vore superflink syns eg no sjølv då. Eg tok meg faktisk ein joggetur :) Det var riktignok ikkje den lengste joggeturen eg har vore på, men det var likevel ein joggetur. Det har blåst kraftig i ei veke her, så det har ikkje akkurat vore ver til noko som helst. I dag vakna eg og det første som datt ned i mitt hode var.............jogging. Eg ringde og avtalte joggetur med mamma. Det var så mykje vind i Risevatnet at det var heilt umogeleg å vere der, så vi kjørde opp i Myklebustdalen og jogga der. Det blåste riktignok litt der oppe også, i tillegg til at det "fauk" litt snø og slikt over vegen. Vi jogga ikkje så veldig langt, men det var friskt og hjalp verkeleg på samvittigheten.

mandag 12. januar 2009

Litt fleire kort.

Eg har no fått produsert litt kort i styggeveiret, så her kjem litt bilete av mitt siste tidsfordriv:

fredag 9. januar 2009

Eit kort på utfordring.

Eg har scrappa eit kort til utfordringsbloggen Sukkersøtt også. Eg likte skissa veldig godt og lagde faktisk to kort når eg først var "i siget".

Nokre kort og to gaveposar til.

Eg har no fått laga litt kort dei siste dagane, sjølv om eg er ein utruuuuleg treig "scrapper". Her er nokre av dei korta eg har laga.


søndag 4. januar 2009

Gaveesker

I dag har eg vore litt ned i kjellarstua og prøvd å finne ut av den elektroniske kuttemaskina mi (creativ cutter) som har stått og støva ned i altfor lang tid. Den vil ikkje kutte skikkelig, men etter ti forsøk med forskjellig trykk, vridning på kniv og eg veit ikkje kva (leste faktisk bruksanvisninga), så skjærer den sånn passe... men eg gjorde ikkje så mykje meir med den saken, då eg var rimleig lei heile greia. I staden kom eg over nokre oppskrifter på korleis ein kunne lage gaveesker. Det hørtes greit ut, så då laga eg desse to. Dei blei no ganske nusselige syns no eg :) I den minste veske-eska kan du til dømes ha ein liten sjokolade dersom du skal gje vekk ein liten oppmuntring til nokon.




På ski

I dag har vore ein heilt nydeleg dag, med knallblå himmel og ei snødekt bygd. Vi tok oss derfor ein tur i dalen, på ski. Det er første gang vi har ski på beina sida i påske i fjor trur eg, så det var med litt ustøe bein vi gjekk bortover. Det var ikkje kjørt opp løyper, så vi laga oss eit spor sjølve. Eg hadde lånt Alice sine skisko, men dei var jo så iiiiiskalde at eg holdt på å fryse ihjel på tærne (så dei skal vi aldri tjuvlåne igjen). Då vi kom ned att, laga vi oss kakao og krem ("ekte kakao og ekte krem" som Mathias brukar å seie). Det er meldt regn i resten av veka, så det blir kanskje ei stund til neste gong vi kan gjere noko liknande igjen.




torsdag 1. januar 2009

Gullkorn fra barnemunn

GODT NYTTÅR!

No i desse juletider (som om altfor kort tid er slutt) passer det bra med ein liten samtale mine to sønner hadde seg imellom her ein dag.

Vetle: Sant Gud ha'kje vinge?
Mathias: Gud e ved sida av oss heile tida.
Vetle: Nei, han e bak meg. Han ha'kje bein, han står på kne. Han Gud e i himmelen.
Mathias: Nei, han er her ved sida av meg, det har bestefar sagt (hm....).

Mathias: Han Gud bruka bleie.
Vetle: Nei, det e Jesus det.

He he, eg syns iallefall den siste kommentaren til Vetle var utrulig bra. Godt observert :)
Her er eit bilete av julebukkane våre. Dei gjekk ikkje lange runda, men var godt nøgde med resultatet likevel.