søndag 4. januar 2009

På ski

I dag har vore ein heilt nydeleg dag, med knallblå himmel og ei snødekt bygd. Vi tok oss derfor ein tur i dalen, på ski. Det er første gang vi har ski på beina sida i påske i fjor trur eg, så det var med litt ustøe bein vi gjekk bortover. Det var ikkje kjørt opp løyper, så vi laga oss eit spor sjølve. Eg hadde lånt Alice sine skisko, men dei var jo så iiiiiskalde at eg holdt på å fryse ihjel på tærne (så dei skal vi aldri tjuvlåne igjen). Då vi kom ned att, laga vi oss kakao og krem ("ekte kakao og ekte krem" som Mathias brukar å seie). Det er meldt regn i resten av veka, så det blir kanskje ei stund til neste gong vi kan gjere noko liknande igjen.




1 kommentar:

  1. Flott vær og flotte bilder, vi hadde med akebrett og var inne med Risevatnet, Sigrid har for små ski

    SvarSlett