søndag 18. januar 2009

Så var helga over.

Jaja, så var den helga over. Den gjekk så altfor fort. Fredag hadde Alice bursdag, så då var det jentebesøk i kjellaren med snop og pizza. På laurdag var det familiebesøk med kaker og brus :) Alice og Denise hadde laga kakene sjølve og stod på kjøkkenet omtrent heile laurdagen. Dei baka muffins, brownies og gulrotkake (vi hadde nok mat for å sei det slik). Brownies'ane blei ikkje heilt som forventa då dei las litt feil og putta opp i 8 dl vatn i stadenfor 2 dl. Hi hi. .. Heldigvis var dei no såpass snarrådige at dei fyllte opp med kveitemjøl, så det blei sjokoladekake istadenfor brownies. Den smakte uansett heilt greitt.

I dag har eg faktisk vore superflink syns eg no sjølv då. Eg tok meg faktisk ein joggetur :) Det var riktignok ikkje den lengste joggeturen eg har vore på, men det var likevel ein joggetur. Det har blåst kraftig i ei veke her, så det har ikkje akkurat vore ver til noko som helst. I dag vakna eg og det første som datt ned i mitt hode var.............jogging. Eg ringde og avtalte joggetur med mamma. Det var så mykje vind i Risevatnet at det var heilt umogeleg å vere der, så vi kjørde opp i Myklebustdalen og jogga der. Det blåste riktignok litt der oppe også, i tillegg til at det "fauk" litt snø og slikt over vegen. Vi jogga ikkje så veldig langt, men det var friskt og hjalp verkeleg på samvittigheten.

2 kommentarer: