søndag 25. januar 2009

Eg har scrappa på lerret i helga.

Så var enda ei helg snart forbi. Her har det eigentleg vore eit kjempefint ver denne helga. Unger og mann har vore ute og kosa seg ,men ikkje eg :) Eg har vore inne og kosa meg eg :)

På fredag var eg på jentekveld, og då byrja vi å snakke om decoupage. Eg blei eigentleg veldig inspirert av praten, så laurdags morgon heiv eg meg rundt og rigga meg til med både servietter, lerret, lim og maling. Eg begynte bra med å lime på litt, male, krakkelere og i det heile tatt. Medan eg venta på at ulike ting skulle tørke, så begynte eg å scrappe på eit lerret også. Det heile endte med eit scrappa lerret som no har fått sin plass i trappa (dei andre prosjekta blei sjølvsagt liggjande). Eg blei eigentleg ganske fornøgd med det. Resten av helga har gått med til å ferdigstille ein del kort som eg har laga framside til, men ikkje gjort noko meir. Så i dag har eg gjort desse ferdig inni.

3 kommentarer:

  1. Fy flate, det blei knallfint!! Hadde eg berre hatt en brøkdel av din kreativitet....

    SvarSlett
  2. Dette var knallstiligt!
    Har og laga "velkommen" skile, men ditt er noko meir liv i ;)

    Klem fra Lise

    SvarSlett