lørdag 19. desember 2009

Det snør det snør...tiddelibom

Endelig er julestemninga her. Det laver ned med snø.................deilig!!!! Vi skal riktignok ut på biltur i morgon, og då er eg ikkje så glad i snøen. Men så lenge eg kan sitte her og sjå ut vindauge så er det heilt supert. Ungane har fått fram skia og gått seg nokre runder i dag. Dei har også måka innkjørsla slik at dei har laga ein svær haug med snø rett framfor bilen. Smart.


I dag har eg laga siluettbilder av gutane. Dei er ikkje mykje like nei. Kan du sjå kven som er kven?

2 kommentarer:

  1. Å ja - den til venstre er Vetle. Det var et utrulig stilig bilde! Korleis har du laga det??

    SvarSlett
  2. Eg har laga den i microsoft picture it, men ein kan gjere det enkelt i photoshop også.Eg googla framgangsmåten i photoshop først og fekk og fleire oppskrifter på det, men så kjenner eg picure it best, så då gjorde eg det der. Tok bilete av dei i profil, markerte kanten rundt, flytta utklippet over på eit kvitt bilete og gjorde utklippet svart. Blei jo ganske stilig.

    SvarSlett