søndag 1. mars 2009

Skikarusell og ny LO.

Så var den helga over. I går fekk eg scrappa "ørlite grann". Har jo knapt vore på scrapperommet på nokre veker no, så det var gjerne på tide. I dag har vi vore ein tur i dalen på skikarusell. Her nede i bygda regna og blåste det, så det var ikkje så fristande å bevege seg utforbi døra kan man si. Men opp i dalen var det faktisk ikkje så verst. Det var ikkje sol og blå himmel, men ikkje høljande regn og vind heller. Litt duskregn og vindstille, så det var jo eigentleg heilt greitt. Eg gjekk i den kortaste løypa med Vetle, medan Leo tok seg ein tur i ei lengre løype med Mathias. I premie fekk dei ei teskje på kvar som dei var godt nøgde med.


fredag 27. februar 2009

Teppehandel.

Eg oppdaga ein ny nettbutikk i dag då eg jakta på eit nytt plastteppe. Tepper av plast er jo blitt veldig hot har eg funnet ut, då eg har sett dei i opptil fleire interiørblad. Dei er praktiske, slitesterke og etterkvart mykje meir fancy enn dei vi hadde i campingvogna og på hytta i si tid. Eg har lenge lett etter eit teppe til gangen i 1. etg. Då eg kom over dette teppe her, så var det kjøpt og betalt ganske så fort. Det er jo superpraktisk å ha plastteppe i ein gang med våte og skitne sko. Dessutan syntes eg det var kuult rett og slett, og vil friske opp gangen nede ganske så mykje. Det er jo bra størrelse på det også: 180x200 trur eg det var, så det er ikkje ei lita dørmatte heller. Ut med vintage stilen og inn med det fargerike :) Snart er jo våren her! Gledar meg til teppet kjem i posten i neste veke. juhuuu!

Teppet er forøvrig kjøpt hos Nettpynt.no. Dei hadde mykje stilige og særs så fargerike ting.
Eg blei riktignok ein smule overraska då eg fann dette serviset i nettbutikken. Desse har mamma i kjøkkenskapene sine og eg vil tru dei er frå 70-talet. Utruleg snodig å sjå at ein får kjøpt desse i dag også (ikkje det at eg føler trang til å kjøpe dei).

mandag 16. februar 2009

Nye kort

Så har eg no fått scrappa litt fleire kort. Desse promarker tusjane er forresten heilt fantastiske, sjøl om eg ikkje heilt har fått "teken" på skyggelegginga. I morra skal eg ein tur til Førde på ettermiddagen. Då skal eg sjølvsagt innom Happyen for å skaffe meg litt forskjelligt "snacks". Eg gledar meg allereie:)

torsdag 12. februar 2009

Utviklingsprosjekt

Uff og uff. Eg går altså på etterutdanning innanfor IKT, og i samband med dette har eg då eit utviklingsprosjekt gåande på jobb. No skal eg syne dette fram for resten av gruppa, i morra :)
Juhuuu! kan ikkje seie eg er heilt klar til det då.... men men, det får gå som det går. Driv og skriv litt på oppgava som skal inn til eksamen også. Å skrive oppgave er kjedelige greier har eg funne ut:) Det er kjekkare med alle andre ting, som surfing på nettet eller sjå ein tankelaus serie på tv.

Her er eit kort eg hurtigscrappa forige helg. Måtte jo ha med meg kort når eg skulle på babybesøk. Motivet har eg fargelagt med mine nyinnkjøpte promarkers tusjer.

lørdag 31. januar 2009

Stoffmuffins

Eg har faktisk laga stoffmuffins i helga. Eg reiste på hytta på fredag og kom igjen idag. Eg og mamma kjøpte først stoff i Førde, så det blei nokre dyre muffins for å seie det sånn. Eg lagde ein muffins i går og to idag. Dei er jo eigentleg utruleg enkle å lage då, og kjempesøte syns eg :)

mandag 26. januar 2009

søndag 25. januar 2009

Eg har scrappa på lerret i helga.

Så var enda ei helg snart forbi. Her har det eigentleg vore eit kjempefint ver denne helga. Unger og mann har vore ute og kosa seg ,men ikkje eg :) Eg har vore inne og kosa meg eg :)

På fredag var eg på jentekveld, og då byrja vi å snakke om decoupage. Eg blei eigentleg veldig inspirert av praten, så laurdags morgon heiv eg meg rundt og rigga meg til med både servietter, lerret, lim og maling. Eg begynte bra med å lime på litt, male, krakkelere og i det heile tatt. Medan eg venta på at ulike ting skulle tørke, så begynte eg å scrappe på eit lerret også. Det heile endte med eit scrappa lerret som no har fått sin plass i trappa (dei andre prosjekta blei sjølvsagt liggjande). Eg blei eigentleg ganske fornøgd med det. Resten av helga har gått med til å ferdigstille ein del kort som eg har laga framside til, men ikkje gjort noko meir. Så i dag har eg gjort desse ferdig inni.