fredag 27. mars 2009

Ferieturen er i boks

Hm............når det blir lite scrapping, så blir det lite blogging også ser eg. Eg har ikkje scrappa noko som helst den siste månaden. Eg har fått heilt sperre, men så har eg vore atskillig flinkare på treningsfronten. Har fått heilt dilla på spinning og jogging, så eg har jo trena nesten kvar einaste dag dei siste vekene. Då døgnet ikkje har nok timar til scrapping, jobbing, trening og familieliv, så ryker scrappinga først for å seie det slik. I dag skal eg imidlertid slappe av (trur eg).

Eg har iallefall fått feireturen vår på plass denne månaden. Vi skal jo til nord Italia og ungane er allereie begynt å snakke om at dei skal til ein by med masse vatn i gatene (vi har ikkje fokusert så mykje på at vi faktisk skal kjøre bil i tre dagar før vi kjem dit...kremt kremt). Vi skal bu i ein badeby like i nærleiken av Venezia i 14 dagar. Planen er å kjøre litt rundt i nord-Italia og oppleve det gode liv "in Italy". Vi tenker i utgangspunktet Venezia sjølvsagt, ein tur til Verona og Gardasjøen, og kanskje ein tur til Padova. Resten av tida skal vi bade og kose oss på den lange sanstranda som ligg 300 meter frå huset (eller i bassenget). Så no er det om å gjere å få ferie når vi ønsker det, for alt er jo allereie bestilt og betalt....



Vi har fått oss ny bil også forresten, til feireturen :) Vi fann ut at vi kunne jo ikkje kjøre heilt til Italia med den skramlekassa vi hadde, så no har vi fått oss ny Caravelle. Eg kan ikkje seie anna enn at eg er VELDIG fornøgd med bilen, og den går dessuten som berre rakker'n...
Med dei tusenmeterane i front, sota ruter og heilt svart farge, så meinte ein nabo at det såg ut som ein spionbil som kom kjørande, he he..... så her er det berre å passe seg..

1 kommentar:

  1. Grettis med ny bil då! Venezia er en flott by - men pass deg så du ikkje blir lurt av veskeselgere *erfaren* Og ikkje kjøp kaffi på San Marco-plassen (eller ka det no heitte midt i byen der) for den kosta 100 kr ;) God tur, eg er misunnelig!

    SvarSlett