torsdag 7. januar 2010

Godt nyttår!

Ja, då er det nye året igang. Kontoen er skrapa og straumrekninga tørr eg ikkje tenke på eingong. I går sette Noreg straumrekord og varmepumpa vår går døgnet rundt. Det er altså skikkelig vinter ute, med minus 10 grader og masse masse puddersnø til å leike i. Det må vere maaaange år sida det har vore så mykje snø som har lagt så lenge her i Svelgen. Det ser ut til å vare ei stund også. Det er eigentleg ganske deilig. Det skulle ikkje forundre meg at dette kjem til å vere den mest snørike vinteren i "manns minne", no når vi skal førebu plate og diverse på hyttatomta. Snøen kjem vel til å ligge til langt uti mars =0) men men.............den forsvinner vel truleg lenge før den tid. Vi får nyte det så lenge det varer..................det kan bli mange år til neste gong. Til helga skal vi gå på ski innover Risevatnet då det er meldt strålande ver.


Eg må nesten syne fram ei av julegåvene mine. Denne er det nok ein baktanke med.....
men stilig var den! importert from "over there" av min bedre halvdel.

5 kommentarer:

  1. UTRULEG KUUL JULEGAVE!!Sånn ønska eg meg også!:)Godt nyttår til deg og familien frå oss!

    SvarSlett
  2. Godt nytt år til dere også.
    Tøft verktøy da, det får du sikkert brukt for

    SvarSlett
  3. Hmm, har ikkje Leo tenkt å gjere noko prakisk med verktøy og slikt ? Kontormann på jobb og no ønsker han at du skal fikse og reparere i heimen.... :-)

    Godt nytt år frå dine faste leserar! :-)

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Lurer på om det kjem til å bli sånn passe pinlig å gå rundt på hyttetomta med dette verktøyet... men ingen kjem til å ta feil verktøy iallfall.

    SvarSlett