lørdag 18. april 2009

Bursdagsveske

Mine sønner skulle i bursdag i dag til ei jente i nabolaget. Då nytta eg høve til å lage eit skikkeleg "jentete" kort i form av ei rosa veske. Etterpå fann gutane ut at dei også ville lage kort, så jenta fekk ikkje mindre enn 3 kort fra oss, he he...

nye kort

Eg lovte å legge ut bilete av korta eg produserte her om dagen, men det tok si tid. no har eg endeleg fått tid til å ta bilete, redigere, beskjære og komprimere, så her er dei:

onsdag 8. april 2009

GOD PÅSKE

Ja, då var påska her.
Eg har faktisk fått scrappa nokre kort dei siste dagane, så scrappetørka er over for denne gongen. Eg har ikkje tatt bilete av dei enda, så det går nokre dagar til før eg får lagt dei ut.
I morgon reiser vi ein tur til sogn, så eg har derfor scrappa ein eggekartong til mi svigermor.
Det blir ei lita påskehelsing frå oss, fyllt med konfekt.

søndag 5. april 2009

Eit skikkelig vårteikn.

Ja, ja, så var den helga over. På fredag jogga eg i Risevatnet (aleine faktisk, enda så hysterisk skogredd som eg er...) og då såg eg noko som eg nesten ikkje trudde var sant. Eg såg ein Sitronsommarfugl komme flygande. Ein lysegul lekker sommarfugl som kanskje nett hadde kome ut i sola. Då fekk eg verkeleg vårkjensla, sjølv om eg nesten trudde den høyrde sommaren til. Sola varma no faktisk litt og det var ein utrulig flott dag. Eg tenkte imidlertid litt på den stakkars sommarfuglen om kvelden då eg kjende kor gufsent og kaldt det var ute då.

I helga har eg hatt besøk av ein anna solstråle. Mi barndomsvenninne har vore på besøk i tre dagar, vi har mimra og kosa oss mykje i lag. Det er ikkje så ofte vi treffast når det er 60 mil mellom oss, men det er like kjekt kvar gong og "skravla går" flittig mellom oss.

No har eg altså hatt fullstendig scrappetørke i evigheter. I morgon skal eg avspasere, så då har eg faktisk ein stor plan om å opne døra til scrapperommet og sjå kva kreative resultat det vil gje. Kanskje det blir eit kort eller ein LO frå meg på bloggen dei neste dagane, det hadde i så fall vore på tide :)

fredag 27. mars 2009

Ferieturen er i boks

Hm............når det blir lite scrapping, så blir det lite blogging også ser eg. Eg har ikkje scrappa noko som helst den siste månaden. Eg har fått heilt sperre, men så har eg vore atskillig flinkare på treningsfronten. Har fått heilt dilla på spinning og jogging, så eg har jo trena nesten kvar einaste dag dei siste vekene. Då døgnet ikkje har nok timar til scrapping, jobbing, trening og familieliv, så ryker scrappinga først for å seie det slik. I dag skal eg imidlertid slappe av (trur eg).

Eg har iallefall fått feireturen vår på plass denne månaden. Vi skal jo til nord Italia og ungane er allereie begynt å snakke om at dei skal til ein by med masse vatn i gatene (vi har ikkje fokusert så mykje på at vi faktisk skal kjøre bil i tre dagar før vi kjem dit...kremt kremt). Vi skal bu i ein badeby like i nærleiken av Venezia i 14 dagar. Planen er å kjøre litt rundt i nord-Italia og oppleve det gode liv "in Italy". Vi tenker i utgangspunktet Venezia sjølvsagt, ein tur til Verona og Gardasjøen, og kanskje ein tur til Padova. Resten av tida skal vi bade og kose oss på den lange sanstranda som ligg 300 meter frå huset (eller i bassenget). Så no er det om å gjere å få ferie når vi ønsker det, for alt er jo allereie bestilt og betalt....



Vi har fått oss ny bil også forresten, til feireturen :) Vi fann ut at vi kunne jo ikkje kjøre heilt til Italia med den skramlekassa vi hadde, så no har vi fått oss ny Caravelle. Eg kan ikkje seie anna enn at eg er VELDIG fornøgd med bilen, og den går dessuten som berre rakker'n...
Med dei tusenmeterane i front, sota ruter og heilt svart farge, så meinte ein nabo at det såg ut som ein spionbil som kom kjørande, he he..... så her er det berre å passe seg..

søndag 1. mars 2009

Skikarusell og ny LO.

Så var den helga over. I går fekk eg scrappa "ørlite grann". Har jo knapt vore på scrapperommet på nokre veker no, så det var gjerne på tide. I dag har vi vore ein tur i dalen på skikarusell. Her nede i bygda regna og blåste det, så det var ikkje så fristande å bevege seg utforbi døra kan man si. Men opp i dalen var det faktisk ikkje så verst. Det var ikkje sol og blå himmel, men ikkje høljande regn og vind heller. Litt duskregn og vindstille, så det var jo eigentleg heilt greitt. Eg gjekk i den kortaste løypa med Vetle, medan Leo tok seg ein tur i ei lengre løype med Mathias. I premie fekk dei ei teskje på kvar som dei var godt nøgde med.


fredag 27. februar 2009

Teppehandel.

Eg oppdaga ein ny nettbutikk i dag då eg jakta på eit nytt plastteppe. Tepper av plast er jo blitt veldig hot har eg funnet ut, då eg har sett dei i opptil fleire interiørblad. Dei er praktiske, slitesterke og etterkvart mykje meir fancy enn dei vi hadde i campingvogna og på hytta i si tid. Eg har lenge lett etter eit teppe til gangen i 1. etg. Då eg kom over dette teppe her, så var det kjøpt og betalt ganske så fort. Det er jo superpraktisk å ha plastteppe i ein gang med våte og skitne sko. Dessutan syntes eg det var kuult rett og slett, og vil friske opp gangen nede ganske så mykje. Det er jo bra størrelse på det også: 180x200 trur eg det var, så det er ikkje ei lita dørmatte heller. Ut med vintage stilen og inn med det fargerike :) Snart er jo våren her! Gledar meg til teppet kjem i posten i neste veke. juhuuu!

Teppet er forøvrig kjøpt hos Nettpynt.no. Dei hadde mykje stilige og særs så fargerike ting.
Eg blei riktignok ein smule overraska då eg fann dette serviset i nettbutikken. Desse har mamma i kjøkkenskapene sine og eg vil tru dei er frå 70-talet. Utruleg snodig å sjå at ein får kjøpt desse i dag også (ikkje det at eg føler trang til å kjøpe dei).