onsdag 29. juli 2009

Årets beste konsertoppleving

I går var eg på konsert med dronninga av pop, og det kan seiast å vere den beste musikkopplevinga eg har hatt (eg veit ikkje om det seier så mykje men....uansett). Vi venta riktignok i over 5 timar før ho dukka opp og ho spelte ikkje i 2 timer eingong, men fy flate kor fornøgd eg er likevel.
Vi kjøpte Golde Circle billettar, som kosta noko meir enn vanlege billettar, men eg er likevel utrulig glad for at vi gjorde det. Vi kom til Valle Hovin ca. kl 16.00 og stod i kø utforbi til kl. 18.30 før dei opna dørene. Vi stod langt framme i køa, noko som resulterte i plass heilt framme ved catwalken. Det skulle ta si tid før dronninga dukka opp, ikkje før kl 21.20 entra ho scena. Det var berre ei heilt utrulig oppleving å få sjå Madonna på nært hald. På slutten kom ho ned langs catwalken og gjekk langs med publikumsrada og lot folk synge inn i mikrofonen. Ho måtte sjølvsagt slutte med det 1 meter før ho kom dit vi stod! men likevel - så nær ei superstjerne er eg godt fornøgd med. Eg er vanligvis lite opptatt av kjendiser, men Madonna er STOR!

4 kommentarer:

  1. Kjempebra bilde Anita. Det var flott. Når du legger til tekst på bilde, åssen gjør du det?

    SvarSlett
  2. Utruleg bra bilde!! Litt sånn plakat-motiv, rett og slett!

    SvarSlett
  3. Ja, eg er utrulig fornøgd med bildet. Gjett om det skal printast ut i stort format!

    Christina: Eg har gjort det i Microsoft Picture It. Der trykker eg berre på T (hehe), men har du photoshop kanskje?

    SvarSlett