søndag 12. juli 2009

Vetenløpet

Vi deltok på Vetenløpet i dag. Meg, mamma, pappa og gutane. Vi deltok riktignok i mosjonsklassen då. Vi hadde kledt oss lett, kanskje litt for lett. Eg var jammen glad vi pakka ned ei ullskjorte i kvar sekk, for det trengte vi i dag. Vi skulle helst hatt vottar og hue også ei stund. I byrjinga var det fint men oppe på siste flata var det vind og tett tåke. Det var riktig så ufyseleg og lite motiverande å gå i vind og tåke med for litt for lite klede i ein halv time mot mål, pluss ein halv time tilbake. Vi vaksne klarte oss jo greit, men ungane ville helst berre heim igjen. Vi prøvde å fokusere på den minste lille positive ting og etter ei VELDIG lang stund hørte vi nokon som ropte "heia heia" - eg speida no litt uti tåka og skimta så vidt målområdet. Der fekk vi medalje, noko som var stor stas. Nedatt gjekk litt lettare. Så fekk vi no noko å sjå på når konkuransegruppa kom springande.

1 kommentar:

  1. Hei Anita!

    Du imponerer stadig vekk med å stille opp på trimarrangement! Spreking!

    Helsing ein av dine mange trufaste lesarar ved eit kraftverk i nærleiken

    SvarSlett