onsdag 29. juli 2009

Årets beste konsertoppleving

I går var eg på konsert med dronninga av pop, og det kan seiast å vere den beste musikkopplevinga eg har hatt (eg veit ikkje om det seier så mykje men....uansett). Vi venta riktignok i over 5 timar før ho dukka opp og ho spelte ikkje i 2 timer eingong, men fy flate kor fornøgd eg er likevel.
Vi kjøpte Golde Circle billettar, som kosta noko meir enn vanlege billettar, men eg er likevel utrulig glad for at vi gjorde det. Vi kom til Valle Hovin ca. kl 16.00 og stod i kø utforbi til kl. 18.30 før dei opna dørene. Vi stod langt framme i køa, noko som resulterte i plass heilt framme ved catwalken. Det skulle ta si tid før dronninga dukka opp, ikkje før kl 21.20 entra ho scena. Det var berre ei heilt utrulig oppleving å få sjå Madonna på nært hald. På slutten kom ho ned langs catwalken og gjekk langs med publikumsrada og lot folk synge inn i mikrofonen. Ho måtte sjølvsagt slutte med det 1 meter før ho kom dit vi stod! men likevel - så nær ei superstjerne er eg godt fornøgd med. Eg er vanligvis lite opptatt av kjendiser, men Madonna er STOR!

fredag 24. juli 2009

Kongekommentar

Jaja.

Eg er heilt hyttesjuk for tida og har VELDIG lyst på hytte ein eller annan plass. Vi snuser så vidt på ei tomt, noko som har resultert i at eg tenker på hytte og hyttetyper meir eller mindre HEILE døgnet. Det er det siste eg tenker på når eg går og legger meg og det første eg tenker på når eg står opp. Eg har til og med drøymt om hytter fleire netter på rad. Det gjorde eg i natt også. Då Vetle kom luskande ned i natt hadde eg følgande kommentar i søvne: "Ikkje legg deg her (på ytterkanten).... her er det så trangt, legg deg bak hyttene i stedet".

Hehe..... eg registrerte ikkje at eg sjølv hadde sagt det før Leo lo høgt og sa "ka va det du sa no?". Då vakna eg litt meir og måtte le litt eg også. Vetle skjønte tydeligvis ka eg meinte, for han gjekk no og la seg i midten av senga (eller "bak hyttene" som det no heiter).

Snakk om å vere fokusert!

søndag 12. juli 2009

Vetenløpet

Vi deltok på Vetenløpet i dag. Meg, mamma, pappa og gutane. Vi deltok riktignok i mosjonsklassen då. Vi hadde kledt oss lett, kanskje litt for lett. Eg var jammen glad vi pakka ned ei ullskjorte i kvar sekk, for det trengte vi i dag. Vi skulle helst hatt vottar og hue også ei stund. I byrjinga var det fint men oppe på siste flata var det vind og tett tåke. Det var riktig så ufyseleg og lite motiverande å gå i vind og tåke med for litt for lite klede i ein halv time mot mål, pluss ein halv time tilbake. Vi vaksne klarte oss jo greit, men ungane ville helst berre heim igjen. Vi prøvde å fokusere på den minste lille positive ting og etter ei VELDIG lang stund hørte vi nokon som ropte "heia heia" - eg speida no litt uti tåka og skimta så vidt målområdet. Der fekk vi medalje, noko som var stor stas. Nedatt gjekk litt lettare. Så fekk vi no noko å sjå på når konkuransegruppa kom springande.

torsdag 9. juli 2009

Reisebrev frå Italia

Så er Italiaturen vår over. Vi har tilbakelagt ikkje mindre enn 4999 km på vegen dei tre siste vekene. Det har vore mange opplevingar, litt frustrasjon, mykje pengebruk, mykje sand og herleg sol. Men jammen er vi glad for å vere heime igjen også. Det er rart med det…

Vi reiste onsdag 17. Juni. I bilen sat det to vaksne, to gutar på 5 og 7 år og to jenter på 14 år. Når det gjeld framkomsmiddel er Caravelle absolutt ein fordel på ein slik langtur, då ein kan dele inn i soner for vaksne, smågutar og tenåringar.
Vi ankom Oslo om kvelden og spaserte ein tur på taket til operabygget før sengetid. Torsdag kjørte vi om bord på Color Magic. Ein fantastisk flott båt med dyr mat!

Autobahnen
Fredags morgon var vi klar for å innta autobahnen i Tyskland.
Det første som hendte var at vi oppdaga ei feilmelding på aircondition–anlegget. Toppers!
Den andre interessant hendinga skjedde etter nokre timar då bilen framfor oss plutseleg bremsa hardt, noko som førte til at vi måtte gjere det same. Bilen bak oss derimot klarte ikkje å bremse like fort, så då sa det rett og slett PANG! krasjen var eit faktum. Ei dame i ein sølvgrå Mercedes kjørte inn i oss bakfra i venstre fila der bilane kjem susande i ein vannvittig fart. Dama blei sittande inni bilen og snakke febrilsk i telefon, og då ho endeleg kom ut snakka ho sjølvsagt ikkje eit kløyva ord engelsk. GLIMRANDE! Vi skjønte såpass at ho hadde ringt politiet, så ikkje lenge etter kom Politzei’en susande. Det første dei gjorde var å skjelle ut dama (på tysk) fordi vi hadde stoppa på feil side av motorvegen, i fartsfila. Det hadde no ikkje vi tenkt på, då begge dei to andre bilane, som tross alt var tyskregistrerte gjorde det same. Vi fekk ein liten bulk i døra og såg ikkje bryet verdt med det papirarbeidet bulken ville føre med seg og sa at dama berre kunne kjøre vidare.
Vi var 9 timar på vegen denne dagen, der 7 timar var effektiv kjøring og 2 timer var mat og krasj. Vi fann oss eit hotell i Langenau der vi sov til neste dag. Hoteleigaren var ein eldre koseleg gråhåra mann som diska opp til frukost, serverte ungane kakao og stod og vinka til oss på trappa når vi kjørte vidare neste dag.

Laurdag skulle også bli ein interessant dag på motorvegen. Det meste gjekk greitt til vi møtte kø utanfor München. Då fann GPS’en ei alternativ rute til Salzburg som vi valde å følgje. Det var ein TABBE som kosta oss 3 timar unødvendig kjøring. ”Dama” rekalkulerte så mange gonger at vi tilslutt stod på ein veg som ikkje var avteikna på kartet eingong. Øvst på GPS’en stod det berre ”off road”. Det var ufatteleg frustrerande. I tillegg hadde Mathias blitt sjuk i løpet av turen. Han spydde, hadde feber og vondt i magen.
Vi fann ut at vi berre fekk legge i Salzburg som mål og komme oss dit først, uansett kva andre forslag GPS’en hadde tenkt å komme med. Det var lykkerus når vi endeleg klarte å komme oss forbi Salzburg og endeleg inn i Austerrike. Då slukte vi mil som berre det. Vi hadde berre ein liten avstikkar til, på ca. 2 mil, som den glupe dama på GPS’en kom på for oss. Det skulle liksom vere ein snarveg som førte til at vi skulle kjøre av motorvegen i 17 km – og det blei jammen 17 spenstige kilometer du! Då fekk vi verkeleg sjå austerrike, med 16 % stigning opp ein smal svingete veg, for så 18 % helling ned att. Vi var då så trøtte og leie at vi kunne ikkje anna enn å le. Til slutt kom vi no oss ut på motorvegen igjen. Heldigvis hadde dama på GPS’en "tatt til vet” og fann ikkje på fleire krumspring den kvelden. Etter 12 timar på vegen var det fantastisk å komme fram. Vi hadde nesten ikkje hatt pause og likevel var ungane like blide. Dei var berre heilt fantastiske!

Caorle

Caorle var ein koseleg liten italiensk by 6 mil nord for Venezia. Byen hadde gamle flotte gater, men var også veldig turistifisert. Det krydde av sydenliknande sesongopne butikkar med all slags rusk i. Der var heldigvis også meir faste butikkar med anna utval. Ingenting var på sal og prisane var like høge som i Noreg (men i Norge har vi no faktisk ting på sal på denne tida av året).
Vi budde i bydelen Porto Santa Margaretha, ein rolegare bydel med ei lita hovudgate med butikkar og restauranter. Bydelen hadde også sitt eige lokale tivoli med 3 små karusellar og nokre hoppeslott, til stor begeistring hos gutane.






Badeliv
Stranda i Porto Santa Margaretha er fleire kilometer lang og du ser berre sand sand sand (og parasollar). Den første dagen på stranda slengte vi oss ned ved nokre parasollar og solsenger som stod ”lina opp” på stranda. Etter ei stund kom ein gut og slo ned eine parasollen. Eg peika på parasollen på nabobordet (som vi også opkkuperte) og lurte på om vi skulle slå ned den også, men det avkrefta han med ein gong og gjekk igjen. Det var litt underlig syntes vi. …. Så begynte vi å snakke om at vi gjekk jo gjennom ein tennisklubb – kunne desse sengene tilhøyre dei? Hm…. Jaja…. Det var ingen som jaga oss vekk i alle fall. Heile veka kosa vi oss ved desse solsengene og parasollane. Vi gjorde berre ein tabbe, og det var då vi flytta oss litt lengre bort og tok ei anna solseng ein dag. Plutseleg stod det ei eldre italiensk frue og peike på nummeret på parasollen. Hm…. Det var visst utleige ja. Hehe….og ikkje var det spesielt billig heller! Så då var det berre å gå bort til den delen av stranda der ein sjølve måtte dra med seg utstyret. Noko som resulterte i bl.a ny solseng på ho mor (ikkje så gale at det ikkje er godt for noko...).
Vi har hatt deilige dagar på stranda med god badetemperatur. Vi har gravd oss ned i sanden, vi har laga sandslott, spelt bondesjak, vi har brent tærene våre i brennheit sand, og hatt sandkorn dei fleste plassar (og blitt knall rosa)! Midt på dagen er sola på sitt sterkaste og italienarane tar siestaen sin anten innandørs eller under parasollen sin. Dei mindre erfarne turistane derimot (les: oss) ligg der langflate og krittkvite, og steiker seg i sola….. utan parasoll. Noko som resulterte i rosarosa kroppar nokre dagar på rad. Men brune blei vi.....til slutt…


Mat
Drikkevarene var billig i Italia, men maten kosta nesten det same som i Noreg. Fleire livnærte seg ved stikke innom restauranten for å spele nokre strofer på trekkspelet sitt, for så å gå rundt og samle inn pengar i hatten sin etterpå. Nokre av dei var flinke og ga oss den rette italienske kjensla, der vi sat med pastaen vår. Medan andre hadde kanskje trengt noko meir øving.
Ein av dagane kosa vi oss på ein lokal restaurant i nærleiken. Ein servitør med hendene fulle av tomme fat kolliderte med panna til Mathias som var på veg inn i restauranten. Det enda med tårer og ”Donaldkul”. Servitøren blei heilt ifrå seg og babla ei lang setning på italiensk. Det einaste vi skjønte var ”maaaaaaaamma mia”. Han fekk ein liten leike som ”plaster på såret” og vi fekk ei billegare rekning å betale (igjen: ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).

Biltrøbbel
Vi hadde eit ønskje om å få fiksa airconditonen og kjørte derfor ein dag til Udine, der det skulle vere ikkje mindre enn 13 Volkswagen forhandlarar. Vi leita litt rundt i byen og kjørte tilslutt innom ein Skoda forhandlar for å spørje etter vegen. Han såg det var ungar i bilen og kom ut med ein heil haug med Skoda effektar... Hehe… vi fann tilslutt rett forhandlar som konkluderte med at vi måtte skifte viftereima også, for den ville kanskje ikkje rekke heim att. Hovudlageret i Italia hadde sjølvsagt ikkjeviftereima på lager, så då var vi jo like langt. Vi fekk no oss Skoda-effekter om ikkje anna (igjen: ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).



Venezia

Caorle ligg ikkje langt frå Venezia, så ein dag kjørte vi dit. Vi parkerte i Mestre og tok lokalbussen inn til sjølve Venezia. Ein gondoltur stod høgt på ønskjelista, og etter ei stund fann vi ein som var ledig. Vi tok gondolturen midt i siesta’en, noko som var smart då trafikken på berømte Canal Grande og i dei mindre kanalane var mykje rolegare. Gondolføraren fortalde flittig om historia til byen og bygningane vi såg frå båten. Han var kledd i typiske klede for ein gondolførar, noko som igjen ga oss rette kjensla (heilt til mobilen hans ringte). Turen kosta 80 euro, men var vel verdt det! Vi såg også ”Marcusplassen”, men der var så mykje folk at vi gjekk fort vidare. Etter 6 timar i 27 grader var vi godt nøgde og vende nasa heim att til Caorle.


Heimreisa
Då vi hadde vore 14 dagar i Caorle var det på tide å reise heim. Vi valde ei anna rute heimatt og starta kl 4.45 laurdags morgong sidan airconditonanlegget var ute av drift. Dei første timane av turen ga oss nokre fantastiske naturopplevingar. Vi kjørte midt gjennom Dolomittane, med fantastiske tindar overalt, gjennom Alpane og syd-Tyrol. Vi valde å stoppe i Ulm, etter 8 timar på vegen. Der var det fiskefestival og full fest i gamlebyen. Vi handla og kosa oss resten av dagen og overnatte på same hotellet i Langenau hos den koselege eldre mannen. Vi fekk same rom som sist og også denne gongen stod han på trappa og vinka til oss når vi reiste.


Vi overnatta så ei natt i Kiel før vi tok Color Fantasy tilbake til Oslo. Vi hadde ein lengre stopp i sogn hos svigermor der vi fekk servert både grillmat, jordbær og dajm iskake før vi kjørte siste stykket heim.


Nokre erfaringar vi har gjort oss:


  1. Myggolje og Eurax er eit must. (heldigvis hadde vi med sistnevnte)! Ja, det er knott-liknande insekt i Italia også…og dei stikkene KLØR!

  2. Ikkje stol på at leiligheta inneheld det du treng – vi måtte kjøpe inn litt forskjellig som mangla.

  3. Ta med telys heimaifrå dersom du vil sitte ute med tende lys og nyte raudvinen din – vi fann berre gravlys vi. Fordelen med dei er riktignok at dei varer HEILE ferien.

  4. GPS er både ein fordel og ei ulempe. Den har skapt ein del frustrasjon, men også nokre fantastiske naturopplevingar vi elles ikkje hadde fått sett (ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).

  5. Dei fleste italienarar vi møtte var særdeles dårleg i engelsk noko som resulterte i fleire komiske situasjonar og misforståingar.

  6. Italiensk iskrem er smakar fortreffeleg og vi har spist TONNEVIS av det desse vekene.

Det har vore 3 fantastiske veker der ei veke har gått med til bilkjøring medan dei to andre vekene stort sett har bestått av sand og strandliv. Men det var UTRULIG godt å komme heim igjen også. Etter 4999 km sakna eg faktisk betongterrassen min og duren i frå Elkem. Eg kjem til å sakne temperaturen i luft og vatn, men ikkje prisane.