lørdag 27. desember 2008
Juledisco
No har vi brukt hellligdagane flittig og spelt inn vår eigen "musikkvideo". Den blei eigentleg laga for fleire dagar sidan, men eg fann ikkje ut med det fyrste korleis eg skulle legge den inn som film på bloggen. I dag gjekk det derimot eit lys opp for meg slik at eg fekk lagt den ut på riktig måte. Den er absolutt verdt en titt :) Trykk på filmen under for å sjå den.
onsdag 24. desember 2008
tirsdag 23. desember 2008
Lisjejulafta
Så var det dagen før dagen og alt er klart (nesten).
I ettermiddag var vi borte på Velteplassen på Sande og traff nissen. Han brukar å sitte inne i ein gapahuk der, dagen før julafta. Det er ein fin tradisjon å reise bort dit og hilse på han, men av og til lurer eg på om vi tar vekk litt av magien når det gjeld denne nissen. Då eg var liten traff ein berre nissen på julafta og på juletrefesten langt ut i januar. No treff ein jo nissen heile tida. Denne månaden har ungane truffet nissen på nissefesten , på hotellet og to gonger berre i dag (han kom på formiddagen i barnehagen, i tillegg til at vi såg nissen på Velteplassen i ettermiddag). Så kjem jo nissen i morgon får vi tru, i tillegg til at han dukker opp på juletrefesten i romjula. Blir det rett og slett for mykje nisse? Blir det så vanleg å treffe på nissen at det ikkje blir noko spesielt og magisk med det lengre?

I kveld har vi pynta juletreet også.
Her går det mest i fargane gull, sølv og kremfarge, i tillegg til pynt i glass. Det er heilt umogeleg å ta eit skikkelig bilete av juletreet slik at ein får det rette inntrykket. På dette bilete ser det jo ut som om det knapt er pynt på treet, medan det eigentleg eg masse masse pynt på det.
Det glitrer så utrulig fint der det står.

søndag 21. desember 2008
Ein scrappa jule-LO
I dag har eg faktisk scrappa litt. Eg fekk scrappa ein dobbel LO som eg har hatt liggande ein evighet, og som eg absolutt ikkje har vore fornøgde med. No tok eg fram heilt andre ark, og vips................så klarte eg plutselig å gjere den ferdig. Eg scrappa også ferdig ein LO fra eit bryllup i juni som eg også har hatt liggande lenge. Til slutt scrappa eg ein LO av det julebilete som er sendt ut på kort. Resultat ser du her:
fredag 19. desember 2008
Så var det helg
No har det vore nokre slappe dagar igjen. Ingen baking, og berre pittelitt støvtørking. Noko seier meg at eg snart må hive meg rundt og vaske eitkvart (men eg har tenkt å utsette det så lenge som mogeleg).
På onsdag var eg ein tur til Førde. Hadde egentleg ingen ærend, anna enn å gå på sjukebesøk til Aud Marit, noko eg sjølvsagt gjorde). Bortsett fra det, så berre kooooosa eg meg i Førde såpass lenge at eg fekk svidd av meir enn nok pæng.
Torsdag var eg utan nett heile ettermiddagen og kvelden....HJEEEEEEEEEEEEELP.
Det er jo til å få abstinenser av. Dessutan var det eit sånt forferdeleg lyn- og tordenver ute at vi kobla ut alt av telefon,tv og data. Juhuuu. Heldigvis hadde eg ei godt opplada datamaskin som eg kunne kose med meg heile kvelden. Då fekk eg jobba litt med bileta frå aktivitetane vi har gjort på jobb i desember (i barnehagen) - det blei til ein biletserie/film som du kan sjå her.
Eg har faktisk jobba mykje med heimesida til barnehagen dei siste to månadane, blant anna å lage til ei eiga IKT-side der vi syner korleis ein kan jobbe med IKT saman med barn. Vi har hatt ein del intern kursing i personalgruppa også, noko som har resultert i nytenking og mykje kreative tankar kring bruk av IKT i barnehagen. Det blir derfor spanande å sjå kva vi får utrette i tida framover.

tirsdag 16. desember 2008
Verdens beste pepperkaker.
Jammen santen fekk eg ikkje baka pepperkaker i dag, og det er dei flottaste eg nokon gong har laga (og sikkert dei beste eg har smakt også). Deiga var perfekt, pepperkakene var perfekte (ser tjukkere ut på bilete enn dei eigentleg er) og smaken var heilt utsøkt. Kan det bli betre?
Dei var berre heilt perfekte rett og slett. Eg brukte oppskrifta som står i oppskriftsboka frå Hornindal barnehage "Klare sjøl" (ei veldig bra oppskriftsbok forresten). No spørs det om dei får liggje i fred til jul då.... heldigvis er det berre ei veke att, så då er det håp for at dei ikkje blir oppete før den tid.
Det vakre kunstverket på bilete til høgre er ein snømann Vetle laga. Han var veldig fornøgd med seg sjølv.

Abonner på:
Innlegg (Atom)