tirsdag 23. desember 2008

Lisjejulafta

Så var det dagen før dagen og alt er klart (nesten).
I ettermiddag var vi borte på Velteplassen på Sande og traff nissen. Han brukar å sitte inne i ein gapahuk der, dagen før julafta. Det er ein fin tradisjon å reise bort dit og hilse på han, men av og til lurer eg på om vi tar vekk litt av magien når det gjeld denne nissen. Då eg var liten traff ein berre nissen på julafta og på juletrefesten langt ut i januar. No treff ein jo nissen heile tida. Denne månaden har ungane truffet nissen på nissefesten , på hotellet og to gonger berre i dag (han kom på formiddagen i barnehagen, i tillegg til at vi såg nissen på Velteplassen i ettermiddag). Så kjem jo nissen i morgon får vi tru, i tillegg til at han dukker opp på juletrefesten i romjula. Blir det rett og slett for mykje nisse? Blir det så vanleg å treffe på nissen at det ikkje blir noko spesielt og magisk med det lengre?



I kveld har vi pynta juletreet også.
Her går det mest i fargane gull, sølv og kremfarge, i tillegg til pynt i glass. Det er heilt umogeleg å ta eit skikkelig bilete av juletreet slik at ein får det rette inntrykket. På dette bilete ser det jo ut som om det knapt er pynt på treet, medan det eigentleg eg masse masse pynt på det.
Det glitrer så utrulig fint der det står.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar