mandag 15. desember 2008

Julekortskriving

I dag har eg faktisk laga pepperkakedeig, så i morra blir det baking.

Eg har også printa ut årets julefoto av ungane og limt det inn i alle julekortene eg skal sende i morgon (fohåpentligvis). Så har eg skrive 19 julekort (FOR HAND). Eg er ikkje fan av ferdigtrykte julekort med ferdigtrykt tekst og heile pakka. Det kan gjerne vere ferdiglaga, men nokre personlege handskrivne ord til kvar einskild høyrer med når ein først skal sende kort. Eg har heller ikkje tenkt å starte med slike maskinskrivne julekort som ein berre pøser ut i store mengder. Det er klart at det er jo lettvint og tidsbesparande, men eigentleg litt upersonleg (sjølv om eg syns det er kjekt å lese om alt det folk har gjort i løpet av eit år). Handskrivne kort blir vel meir og meir sjeldan, men desto større grunn til å gjere nettopp det. Eg set personleg mykje større pris på dei korta eg får som er skrevet for hand, der eg veit at personen som har skrevet det faktisk har tatt seg tid til å skrive nokre ord til akkurat meg i den travle førjulstid. Så eg slår eit slag for handskrivne kort! (men ikkje la vere å sende meg dei maskinskrivne altså, sjølv om eg helst hadde sett at det hadde vore skrevet for hand........ :)

1 kommentar:

  1. Du har jo laget masse flotte kort du da. I år har det blitt håndskrevne, men bare med god jul og godt nytt år. Juleforberedelsene har blitt litt amputert gitt, men får ta det igjen til neste år... kanskje...

    SvarSlett