Dei var berre heilt perfekte rett og slett. Eg brukte oppskrifta som står i oppskriftsboka frå Hornindal barnehage "Klare sjøl" (ei veldig bra oppskriftsbok forresten). No spørs det om dei får liggje i fred til jul då.... heldigvis er det berre ei veke att, så då er det håp for at dei ikkje blir oppete før den tid.
Det vakre kunstverket på bilete til høgre er ein snømann Vetle laga. Han var veldig fornøgd med seg sjølv.


Kanskje jeg skulle prøve den oppskriften. De har også veldig gode kokos makroner i den boka.
SvarSlett