fredag 19. desember 2008

Så var det helg

No har det vore nokre slappe dagar igjen. Ingen baking, og berre pittelitt støvtørking. Noko seier meg at eg snart må hive meg rundt og vaske eitkvart (men eg har tenkt å utsette det så lenge som mogeleg).

På onsdag var eg ein tur til Førde. Hadde egentleg ingen ærend, anna enn å gå på sjukebesøk til Aud Marit, noko eg sjølvsagt gjorde). Bortsett fra det, så berre kooooosa eg meg i Førde såpass lenge at eg fekk svidd av meir enn nok pæng.

Torsdag var eg utan nett heile ettermiddagen og kvelden....HJEEEEEEEEEEEEELP.
Det er jo til å få abstinenser av. Dessutan var det eit sånt forferdeleg lyn- og tordenver ute at vi kobla ut alt av telefon,tv og data. Juhuuu. Heldigvis hadde eg ei godt opplada datamaskin som eg kunne kose med meg heile kvelden. Då fekk eg jobba litt med bileta frå aktivitetane vi har gjort på jobb i desember (i barnehagen) - det blei til ein biletserie/film som du kan sjå her.
Eg har faktisk jobba mykje med heimesida til barnehagen dei siste to månadane, blant anna å lage til ei eiga IKT-side der vi syner korleis ein kan jobbe med IKT saman med barn. Vi har hatt ein del intern kursing i personalgruppa også, noko som har resultert i nytenking og mykje kreative tankar kring bruk av IKT i barnehagen. Det blir derfor spanande å sjå kva vi får utrette i tida framover.

2 kommentarer:

  1. Har nett sett filmen frå oppsummeringa i Langeneset bhg. Den var kjempeflott.
    IHS

    SvarSlett
  2. Det er masse bra på sidene til barnehagen, jeg har også laget lenke til den.

    SvarSlett