lørdag 27. desember 2008

Juledisco

No har vi brukt hellligdagane flittig og spelt inn vår eigen "musikkvideo". Den blei eigentleg laga for fleire dagar sidan, men eg fann ikkje ut med det fyrste korleis eg skulle legge den inn som film på bloggen. I dag gjekk det derimot eit lys opp for meg slik at eg fekk lagt den ut på riktig måte. Den er absolutt verdt en titt :) Trykk på filmen under for å sjå den.

Juledisco

Send your own ElfYourself eCards

onsdag 24. desember 2008

God Jul

God Jul til alle saman.


tirsdag 23. desember 2008

Lisjejulafta

Så var det dagen før dagen og alt er klart (nesten).
I ettermiddag var vi borte på Velteplassen på Sande og traff nissen. Han brukar å sitte inne i ein gapahuk der, dagen før julafta. Det er ein fin tradisjon å reise bort dit og hilse på han, men av og til lurer eg på om vi tar vekk litt av magien når det gjeld denne nissen. Då eg var liten traff ein berre nissen på julafta og på juletrefesten langt ut i januar. No treff ein jo nissen heile tida. Denne månaden har ungane truffet nissen på nissefesten , på hotellet og to gonger berre i dag (han kom på formiddagen i barnehagen, i tillegg til at vi såg nissen på Velteplassen i ettermiddag). Så kjem jo nissen i morgon får vi tru, i tillegg til at han dukker opp på juletrefesten i romjula. Blir det rett og slett for mykje nisse? Blir det så vanleg å treffe på nissen at det ikkje blir noko spesielt og magisk med det lengre?



I kveld har vi pynta juletreet også.
Her går det mest i fargane gull, sølv og kremfarge, i tillegg til pynt i glass. Det er heilt umogeleg å ta eit skikkelig bilete av juletreet slik at ein får det rette inntrykket. På dette bilete ser det jo ut som om det knapt er pynt på treet, medan det eigentleg eg masse masse pynt på det.
Det glitrer så utrulig fint der det står.



søndag 21. desember 2008

Ein scrappa jule-LO

I dag har eg faktisk scrappa litt. Eg fekk scrappa ein dobbel LO som eg har hatt liggande ein evighet, og som eg absolutt ikkje har vore fornøgde med. No tok eg fram heilt andre ark, og vips................så klarte eg plutselig å gjere den ferdig. Eg scrappa også ferdig ein LO fra eit bryllup i juni som eg også har hatt liggande lenge. Til slutt scrappa eg ein LO av det julebilete som er sendt ut på kort. Resultat ser du her:


fredag 19. desember 2008

Så var det helg

No har det vore nokre slappe dagar igjen. Ingen baking, og berre pittelitt støvtørking. Noko seier meg at eg snart må hive meg rundt og vaske eitkvart (men eg har tenkt å utsette det så lenge som mogeleg).

På onsdag var eg ein tur til Førde. Hadde egentleg ingen ærend, anna enn å gå på sjukebesøk til Aud Marit, noko eg sjølvsagt gjorde). Bortsett fra det, så berre kooooosa eg meg i Førde såpass lenge at eg fekk svidd av meir enn nok pæng.

Torsdag var eg utan nett heile ettermiddagen og kvelden....HJEEEEEEEEEEEEELP.
Det er jo til å få abstinenser av. Dessutan var det eit sånt forferdeleg lyn- og tordenver ute at vi kobla ut alt av telefon,tv og data. Juhuuu. Heldigvis hadde eg ei godt opplada datamaskin som eg kunne kose med meg heile kvelden. Då fekk eg jobba litt med bileta frå aktivitetane vi har gjort på jobb i desember (i barnehagen) - det blei til ein biletserie/film som du kan sjå her.
Eg har faktisk jobba mykje med heimesida til barnehagen dei siste to månadane, blant anna å lage til ei eiga IKT-side der vi syner korleis ein kan jobbe med IKT saman med barn. Vi har hatt ein del intern kursing i personalgruppa også, noko som har resultert i nytenking og mykje kreative tankar kring bruk av IKT i barnehagen. Det blir derfor spanande å sjå kva vi får utrette i tida framover.

tirsdag 16. desember 2008

Verdens beste pepperkaker.

Jammen santen fekk eg ikkje baka pepperkaker i dag, og det er dei flottaste eg nokon gong har laga (og sikkert dei beste eg har smakt også). Deiga var perfekt, pepperkakene var perfekte (ser tjukkere ut på bilete enn dei eigentleg er) og smaken var heilt utsøkt. Kan det bli betre?

Dei var berre heilt perfekte rett og slett. Eg brukte oppskrifta som står i oppskriftsboka frå Hornindal barnehage "Klare sjøl" (ei veldig bra oppskriftsbok forresten). No spørs det om dei får liggje i fred til jul då.... heldigvis er det berre ei veke att, så då er det håp for at dei ikkje blir oppete før den tid.

Det vakre kunstverket på bilete til høgre er ein snømann Vetle laga. Han var veldig fornøgd med seg sjølv.


mandag 15. desember 2008

Julekortskriving

I dag har eg faktisk laga pepperkakedeig, så i morra blir det baking.

Eg har også printa ut årets julefoto av ungane og limt det inn i alle julekortene eg skal sende i morgon (fohåpentligvis). Så har eg skrive 19 julekort (FOR HAND). Eg er ikkje fan av ferdigtrykte julekort med ferdigtrykt tekst og heile pakka. Det kan gjerne vere ferdiglaga, men nokre personlege handskrivne ord til kvar einskild høyrer med når ein først skal sende kort. Eg har heller ikkje tenkt å starte med slike maskinskrivne julekort som ein berre pøser ut i store mengder. Det er klart at det er jo lettvint og tidsbesparande, men eigentleg litt upersonleg (sjølv om eg syns det er kjekt å lese om alt det folk har gjort i løpet av eit år). Handskrivne kort blir vel meir og meir sjeldan, men desto større grunn til å gjere nettopp det. Eg set personleg mykje større pris på dei korta eg får som er skrevet for hand, der eg veit at personen som har skrevet det faktisk har tatt seg tid til å skrive nokre ord til akkurat meg i den travle førjulstid. Så eg slår eit slag for handskrivne kort! (men ikkje la vere å sende meg dei maskinskrivne altså, sjølv om eg helst hadde sett at det hadde vore skrevet for hand........ :)

søndag 14. desember 2008

No tenner vi det tredje lys

Må jo nytte høve til å syne bilete av den nye adventsstaken min. Eg er litt usikker på om det kan definerast som ein "stake", men det er iallefall 4 lys med tal på som eg eigentleg er godt nøgde med. Eg har lenge ønska meg ein ny adventsstake, så då eg kom over denne på Tonheim landhandel, så var saken klar...denne ville eg ha!

Peparkakehus

Det er ikkje så mykje vi har gjort i desember eigentleg. Eg trur faktisk dette har vore den slappaste desember EVER !

Vi har baka julemannar så det holder, vi har altfor lite kokosmakroner og altfor lite kransekakepinnar. Så.........................vi må nok bake litt meir. Pepperkaker har vi ikkje baka eingong, men vi har iallefall baka eit peparkakehus (frå grunnen av altså - ikkje noko ferdigkjøpt hus her nei). Vi har laga designen sjølve også :) Litt skeivt er det, men det er jo berre sjarmerande, ikkje sant?
Ein annan ting vi har fått gjort i helga, er at vi endeleg har fått hengt opp desse skilta som no har stått på kjøkkenet eit halvt års tid. Godt med alt som er gjort................sjølv om det tok si tid...

lørdag 13. desember 2008

Min adventskalender




Mine adventsprosjekt

Eg har scrappa mykje julerelaterte produkt no før jul. Eg har blant anna laga mange mange mange julekort og merkelappar, juleposar, nokre oppskriftsbøker, 2 adventskalendarar, ein altered after eight boks og to altered kremmerhus. Eg solgte ein del på julemessa i Bremanger siste helga i november, og var godt nøgd med den erfaringa også. Nedanfor ser de noko at det eg har produsert den siste tida:


På'an igjen

Jaja, eg som sletta bloggen min og alt.

Gjett om eg angra då.... Fekk jo deeen sorgreaksjonen og blei nesten deprimert. Eg trudde dessutan at ingen las den, men då eg tok den vekk har det jammen vore mange som har reagert.

Så no opppretter eg den igjen, men det tek sikkert litt tid før eg har alt på plass :)