søndag 10. mai 2009

oppdatering

Ja, noko tilseier meg at eg bør oppdatere bloggen min, siden det no er ei stund sida sist. Det har (som vanleg den siste tida) ikkje vore stor aktivitet på scrapperommet i det siste. Har laga nokre kort på bestilling, men tok eg bilete av dei før eg leverte dei frå meg? nei :)

Har hatt det så sinnsykt travelt i det siste at eg har ikkje hatt tid til anna enn det høgst nødvendige. Har hatt foreldresamtaler eit par veker no, i tillegg til anna møteverksemd på kveldstid som også skal skrivast referat frå. Dei tre siste dagane i veka som gjekk var eg i Loen på Årsmøte i utd.forbundet. Det kan verke som ein avslappande tilværelse å vere 3 dagar på hotel, men det er eigentleg ganske så hektisk. Det blir ikkje mykje tid til avslapning når ein held på frå kl. 09 til kl. 18.00 kvar dag. Så skal ein vere klar igjen til sosial samankomst kl 19.00. Rimelig travelt men utrulig lærerikt og interessant også, særskild når det kjem så gode debattar ut av det som det gjorde. På dag nummer to gjekk j straumen i tillegg. Den var vekke i frå kl. 07 til kl. 11.30 den dagen, så det blei eit litt annleis årsmøte utan power point, lys og mikrofonar. Men men... lærarar og førskulelærarar er vande med å vere fleksible, så det gjekk heilt strålande faktisk. Eg var i bassenget og tok ein morgendukkert då straumen gjekk, så det var jo ei oppleving i seg sjølv. Då eg kom opp att til rommet og skulle dusje var sjølvsagt vatnet is is is kaldt, så eg gjekk altså med klor i håret heile den dagen, he he... Det var litt fyldigare og ein smule meir flokete enn det bruker, men men.

Dei neste vekene blir vel kanskje ikkje mindre travelt. I morra skal eg til Stasjonen barnehage og planlegge eit føredrag som meg og Siren skal halde i Volda 19. mai. Då skal vi halde føredrag for 2. klasse studentane om språkstimulering i barnehagen. Det skal bli spanande :)
Når eg kjem heim att i morra må eg starte ny planlegging. På onsdag skal vi ha eit omfattande foreldremøte som krev mykje meir førebuing enn vanleg. Eg kan ikkje røpe så mykje meir enn det, siden eg har foreldre som les denne bloggen (berre å glede seg...). Har jo sjølvsagt utsett dette plannleggingsarbeidet, så no hopar det seg opp. Så skal eg til Bergen 20.mai, i 3o års dag til søstern. 26 .mai skal eg ha eksamen og kan ikkje seie eg er heilt førebudd til det heller, men men.... det går vel som ein leik (kremt). Når mai er over er det berre å begynne å summe seg, planlegge sommarfest, lage til diplomar, mapper og digitale portefølgjer til ungane som skal slutte, samt få rydda opp i alle papira på kontor og avdeling før eg sluttar. Eg går på ferie 17. juni og skal i anna stilling frå hausten av, så då må eg levere frå meg eit kontor som er "nåkkelunde" ryddig, og dessuten må eg prøve å fatte nokre ord om det arbeidet som er gjort på huset, slik at etterkommaren klarer å få ei oversikt. Vi driv også og avsluttar et stort prosjekt i kommunen som skal evaluerast og skrivast nokre sider om før eg går på ferie. Når eg tenker meg om har eg faktisk ikkje tid til å vere anna enn på kontoret den neste månaden, he he...
Men men... det er heilt utrulig kva som går.... MEN EG GLEDER MEG TIL FERIEN :)

4 kommentarer:

  1. Puh... blir svett av å lese om dinna kvardagen :)
    Ny stilling altå? Kva då?

    SvarSlett
  2. Nei, det er ikkje så veldig avansert. Skal i skulen eitt år. Litt nye utfordringer skader jo ikkje, så då er det greitt å få avslutta det ein driv med her. Ein veit jo ikkje kor ein havnar etterpå :)

    SvarSlett
  3. Høres ut som om du har nok å gjøre. Vi har skaffa barnevakt og stiller begge to på foreldremøte, veldig spente på hva dere har ordnet i stand

    SvarSlett
  4. ja de e kjekt å sitte på sidelinja å lese om aktive kvardagar:) E vel best å nyte dei siste 4 mnd. Du e heldigvis for andre alt for pliktoppfyllande og har mange jern i ilden:)
    ihs

    SvarSlett