torsdag 9. juli 2009

Reisebrev frå Italia

Så er Italiaturen vår over. Vi har tilbakelagt ikkje mindre enn 4999 km på vegen dei tre siste vekene. Det har vore mange opplevingar, litt frustrasjon, mykje pengebruk, mykje sand og herleg sol. Men jammen er vi glad for å vere heime igjen også. Det er rart med det…

Vi reiste onsdag 17. Juni. I bilen sat det to vaksne, to gutar på 5 og 7 år og to jenter på 14 år. Når det gjeld framkomsmiddel er Caravelle absolutt ein fordel på ein slik langtur, då ein kan dele inn i soner for vaksne, smågutar og tenåringar.
Vi ankom Oslo om kvelden og spaserte ein tur på taket til operabygget før sengetid. Torsdag kjørte vi om bord på Color Magic. Ein fantastisk flott båt med dyr mat!

Autobahnen
Fredags morgon var vi klar for å innta autobahnen i Tyskland.
Det første som hendte var at vi oppdaga ei feilmelding på aircondition–anlegget. Toppers!
Den andre interessant hendinga skjedde etter nokre timar då bilen framfor oss plutseleg bremsa hardt, noko som førte til at vi måtte gjere det same. Bilen bak oss derimot klarte ikkje å bremse like fort, så då sa det rett og slett PANG! krasjen var eit faktum. Ei dame i ein sølvgrå Mercedes kjørte inn i oss bakfra i venstre fila der bilane kjem susande i ein vannvittig fart. Dama blei sittande inni bilen og snakke febrilsk i telefon, og då ho endeleg kom ut snakka ho sjølvsagt ikkje eit kløyva ord engelsk. GLIMRANDE! Vi skjønte såpass at ho hadde ringt politiet, så ikkje lenge etter kom Politzei’en susande. Det første dei gjorde var å skjelle ut dama (på tysk) fordi vi hadde stoppa på feil side av motorvegen, i fartsfila. Det hadde no ikkje vi tenkt på, då begge dei to andre bilane, som tross alt var tyskregistrerte gjorde det same. Vi fekk ein liten bulk i døra og såg ikkje bryet verdt med det papirarbeidet bulken ville føre med seg og sa at dama berre kunne kjøre vidare.
Vi var 9 timar på vegen denne dagen, der 7 timar var effektiv kjøring og 2 timer var mat og krasj. Vi fann oss eit hotell i Langenau der vi sov til neste dag. Hoteleigaren var ein eldre koseleg gråhåra mann som diska opp til frukost, serverte ungane kakao og stod og vinka til oss på trappa når vi kjørte vidare neste dag.

Laurdag skulle også bli ein interessant dag på motorvegen. Det meste gjekk greitt til vi møtte kø utanfor München. Då fann GPS’en ei alternativ rute til Salzburg som vi valde å følgje. Det var ein TABBE som kosta oss 3 timar unødvendig kjøring. ”Dama” rekalkulerte så mange gonger at vi tilslutt stod på ein veg som ikkje var avteikna på kartet eingong. Øvst på GPS’en stod det berre ”off road”. Det var ufatteleg frustrerande. I tillegg hadde Mathias blitt sjuk i løpet av turen. Han spydde, hadde feber og vondt i magen.
Vi fann ut at vi berre fekk legge i Salzburg som mål og komme oss dit først, uansett kva andre forslag GPS’en hadde tenkt å komme med. Det var lykkerus når vi endeleg klarte å komme oss forbi Salzburg og endeleg inn i Austerrike. Då slukte vi mil som berre det. Vi hadde berre ein liten avstikkar til, på ca. 2 mil, som den glupe dama på GPS’en kom på for oss. Det skulle liksom vere ein snarveg som førte til at vi skulle kjøre av motorvegen i 17 km – og det blei jammen 17 spenstige kilometer du! Då fekk vi verkeleg sjå austerrike, med 16 % stigning opp ein smal svingete veg, for så 18 % helling ned att. Vi var då så trøtte og leie at vi kunne ikkje anna enn å le. Til slutt kom vi no oss ut på motorvegen igjen. Heldigvis hadde dama på GPS’en "tatt til vet” og fann ikkje på fleire krumspring den kvelden. Etter 12 timar på vegen var det fantastisk å komme fram. Vi hadde nesten ikkje hatt pause og likevel var ungane like blide. Dei var berre heilt fantastiske!

Caorle

Caorle var ein koseleg liten italiensk by 6 mil nord for Venezia. Byen hadde gamle flotte gater, men var også veldig turistifisert. Det krydde av sydenliknande sesongopne butikkar med all slags rusk i. Der var heldigvis også meir faste butikkar med anna utval. Ingenting var på sal og prisane var like høge som i Noreg (men i Norge har vi no faktisk ting på sal på denne tida av året).
Vi budde i bydelen Porto Santa Margaretha, ein rolegare bydel med ei lita hovudgate med butikkar og restauranter. Bydelen hadde også sitt eige lokale tivoli med 3 små karusellar og nokre hoppeslott, til stor begeistring hos gutane.






Badeliv
Stranda i Porto Santa Margaretha er fleire kilometer lang og du ser berre sand sand sand (og parasollar). Den første dagen på stranda slengte vi oss ned ved nokre parasollar og solsenger som stod ”lina opp” på stranda. Etter ei stund kom ein gut og slo ned eine parasollen. Eg peika på parasollen på nabobordet (som vi også opkkuperte) og lurte på om vi skulle slå ned den også, men det avkrefta han med ein gong og gjekk igjen. Det var litt underlig syntes vi. …. Så begynte vi å snakke om at vi gjekk jo gjennom ein tennisklubb – kunne desse sengene tilhøyre dei? Hm…. Jaja…. Det var ingen som jaga oss vekk i alle fall. Heile veka kosa vi oss ved desse solsengene og parasollane. Vi gjorde berre ein tabbe, og det var då vi flytta oss litt lengre bort og tok ei anna solseng ein dag. Plutseleg stod det ei eldre italiensk frue og peike på nummeret på parasollen. Hm…. Det var visst utleige ja. Hehe….og ikkje var det spesielt billig heller! Så då var det berre å gå bort til den delen av stranda der ein sjølve måtte dra med seg utstyret. Noko som resulterte i bl.a ny solseng på ho mor (ikkje så gale at det ikkje er godt for noko...).
Vi har hatt deilige dagar på stranda med god badetemperatur. Vi har gravd oss ned i sanden, vi har laga sandslott, spelt bondesjak, vi har brent tærene våre i brennheit sand, og hatt sandkorn dei fleste plassar (og blitt knall rosa)! Midt på dagen er sola på sitt sterkaste og italienarane tar siestaen sin anten innandørs eller under parasollen sin. Dei mindre erfarne turistane derimot (les: oss) ligg der langflate og krittkvite, og steiker seg i sola….. utan parasoll. Noko som resulterte i rosarosa kroppar nokre dagar på rad. Men brune blei vi.....til slutt…


Mat
Drikkevarene var billig i Italia, men maten kosta nesten det same som i Noreg. Fleire livnærte seg ved stikke innom restauranten for å spele nokre strofer på trekkspelet sitt, for så å gå rundt og samle inn pengar i hatten sin etterpå. Nokre av dei var flinke og ga oss den rette italienske kjensla, der vi sat med pastaen vår. Medan andre hadde kanskje trengt noko meir øving.
Ein av dagane kosa vi oss på ein lokal restaurant i nærleiken. Ein servitør med hendene fulle av tomme fat kolliderte med panna til Mathias som var på veg inn i restauranten. Det enda med tårer og ”Donaldkul”. Servitøren blei heilt ifrå seg og babla ei lang setning på italiensk. Det einaste vi skjønte var ”maaaaaaaamma mia”. Han fekk ein liten leike som ”plaster på såret” og vi fekk ei billegare rekning å betale (igjen: ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).

Biltrøbbel
Vi hadde eit ønskje om å få fiksa airconditonen og kjørte derfor ein dag til Udine, der det skulle vere ikkje mindre enn 13 Volkswagen forhandlarar. Vi leita litt rundt i byen og kjørte tilslutt innom ein Skoda forhandlar for å spørje etter vegen. Han såg det var ungar i bilen og kom ut med ein heil haug med Skoda effektar... Hehe… vi fann tilslutt rett forhandlar som konkluderte med at vi måtte skifte viftereima også, for den ville kanskje ikkje rekke heim att. Hovudlageret i Italia hadde sjølvsagt ikkjeviftereima på lager, så då var vi jo like langt. Vi fekk no oss Skoda-effekter om ikkje anna (igjen: ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).



Venezia

Caorle ligg ikkje langt frå Venezia, så ein dag kjørte vi dit. Vi parkerte i Mestre og tok lokalbussen inn til sjølve Venezia. Ein gondoltur stod høgt på ønskjelista, og etter ei stund fann vi ein som var ledig. Vi tok gondolturen midt i siesta’en, noko som var smart då trafikken på berømte Canal Grande og i dei mindre kanalane var mykje rolegare. Gondolføraren fortalde flittig om historia til byen og bygningane vi såg frå båten. Han var kledd i typiske klede for ein gondolførar, noko som igjen ga oss rette kjensla (heilt til mobilen hans ringte). Turen kosta 80 euro, men var vel verdt det! Vi såg også ”Marcusplassen”, men der var så mykje folk at vi gjekk fort vidare. Etter 6 timar i 27 grader var vi godt nøgde og vende nasa heim att til Caorle.


Heimreisa
Då vi hadde vore 14 dagar i Caorle var det på tide å reise heim. Vi valde ei anna rute heimatt og starta kl 4.45 laurdags morgong sidan airconditonanlegget var ute av drift. Dei første timane av turen ga oss nokre fantastiske naturopplevingar. Vi kjørte midt gjennom Dolomittane, med fantastiske tindar overalt, gjennom Alpane og syd-Tyrol. Vi valde å stoppe i Ulm, etter 8 timar på vegen. Der var det fiskefestival og full fest i gamlebyen. Vi handla og kosa oss resten av dagen og overnatte på same hotellet i Langenau hos den koselege eldre mannen. Vi fekk same rom som sist og også denne gongen stod han på trappa og vinka til oss når vi reiste.


Vi overnatta så ei natt i Kiel før vi tok Color Fantasy tilbake til Oslo. Vi hadde ein lengre stopp i sogn hos svigermor der vi fekk servert både grillmat, jordbær og dajm iskake før vi kjørte siste stykket heim.


Nokre erfaringar vi har gjort oss:


  1. Myggolje og Eurax er eit must. (heldigvis hadde vi med sistnevnte)! Ja, det er knott-liknande insekt i Italia også…og dei stikkene KLØR!

  2. Ikkje stol på at leiligheta inneheld det du treng – vi måtte kjøpe inn litt forskjellig som mangla.

  3. Ta med telys heimaifrå dersom du vil sitte ute med tende lys og nyte raudvinen din – vi fann berre gravlys vi. Fordelen med dei er riktignok at dei varer HEILE ferien.

  4. GPS er både ein fordel og ei ulempe. Den har skapt ein del frustrasjon, men også nokre fantastiske naturopplevingar vi elles ikkje hadde fått sett (ikkje så gale at det ikkje er godt for nåke).

  5. Dei fleste italienarar vi møtte var særdeles dårleg i engelsk noko som resulterte i fleire komiske situasjonar og misforståingar.

  6. Italiensk iskrem er smakar fortreffeleg og vi har spist TONNEVIS av det desse vekene.

Det har vore 3 fantastiske veker der ei veke har gått med til bilkjøring medan dei to andre vekene stort sett har bestått av sand og strandliv. Men det var UTRULIG godt å komme heim igjen også. Etter 4999 km sakna eg faktisk betongterrassen min og duren i frå Elkem. Eg kjem til å sakne temperaturen i luft og vatn, men ikkje prisane.

tirsdag 16. juni 2009

Italia-ferien er så nær så nær-

I dag jobba eg min siste dag i Langeneset barnehage, iallefall for ei god stund framover, så får vi sjå kva tida bringer. Det er litt vemodig å forlate det gode miljøet, men vi får tru at eg kjem inn i eit nytt godt miljø. Men no er det uansett FERIE! Jippi :)

Her kan de sjå web kamera frå Caorle, så kan de følge med og sjå kor fint vi har det.
http://www.webcamcaorle.com/
og her: http://www.webcamcaorle.com/webcam_caorle_ponente.htm
(ikkje dei beste web kamera i verda, men greitt nok)

Caorle (Ca'orle) er ein kystby i provinsen Venezia, Veneto, Italia. Byen ligg ved Adriaterhavet og mellom dei to andre kjente turist byane: Ereclea og Bibione.

Jepp jepp- ferie ferie ferie. HÆRLIG!!!

torsdag 11. juni 2009

BRA KONSERT!

YES, var på Bruce Springsteen i går. Trur du det var bra eller?

KJEMPEBRA!!!

Han fekk treningkast 6 for konserten på tysdag og i dag las eg i avisa at han burde fått terningkast 7 for gårsdagens konsert =0)

Ja, det var rett og slett ei oppleving. Det var ikkje mykje til spektakulært sceneshow, men det har han vel heller ikkje lagt opp til. Han treng ikkje slikt. Han har jo nok sjarm og scenetekke til å holde publikum i si hule hand i heile 3 timar til endes. Facinerande. Nei, det var rett og slett ubeskrivelig.

No gledar eg meg til Madonna konserten seinare i sommar, på Valle Hovin. Det blir nok ein HEILT anna type konsert, men eit heilt anna show rundt, så det blir også kjekt å få oppleve.

Eg enda jo opp med ei t-skjorte som eg tenkte eg skulle briiiife rundt i på spinninga i dag, hehe =0)

søndag 31. mai 2009

"Tour de Bremanger"

I går hadde eg min første rundttur i Bremanger, på sykkel, saman med 24 andre sjeler frå bygda. Ein 9.5 timers kosetur for dei som er 30+, uansett fysisk form. Vi starta i Svelgen, opp Myklebustdalen, til Davik, så til Smørhamn, tok ferga over til Kjelkenes og tilbake til Svelgen igjen. Dette er 3. gang turen blir arrangert, men eg har ikkje vore med før.....så no var det jammen på tide.

Vi starta kl. 09.00 frå sentrum med godt mot. Veret var heilt fantastisk, ikkje ei sky på himmelen og akkurat passe temperatur. Eg fann ut at eg berre måtte sykle med sykkelsko, sjøl om min forige sykkeltur resulterte i fleire fall grunna skoa. No hadde eg riktignok slakka festet noko, så eg fekk iallfall skoen laus om ikkje anna. Eg var også ein smule skeptisk til å begynne rett på motabakkane opp til Myklebustdalen uten noko som helst oppvarming, men det gjekk overraskande bra. Første "etappe" var på 12 km i stort sett motbakke heile vegen. Var faktisk først oppe til første fellespause på 370 m.o.h - bra stigning det på morgonkvisten. Eg trur at treningane på spinningsykkel gjennom vinteren kom til god nytte no.

Vi hadde ikkje barnevakt til gutane, så Leo var følgjebil med 3 gutar i baksete, suppe og anna naudsynt utstyr.På kvart stopp var det gutane og Leo som diska opp med styrkedrikk, vatn, frukt og lappesaker til dei som trengte det.



Vi sykla gjennom Myklebustdalen, og møtte på fleire hindringar i vegen som kunne ført til spennande redningsoperasjonar. Nokon mista vannflaska si rett framfor meg, som resulterte i at eg kjørte på den ( eg tenkte berre at no går det til h......) . Andre mista solbriller, niste og sykkelpumpe...............men heldigvis blei det ikkje blodbad av den grunn.


Isane.

Vi hadde ein lite stopp på Isane før vi sette kursen mot Davik og fellesmåltid i 1 times tid. Ved skulen var det langbord og betasuppe med rundstykker. Irene og Marit hadde hakka grønsaker og kokt suppe dagen før, og den smakte berre heilt fortreffeleg.

Lunsjpause på Davik.

Etter lunsjpausen sykla vi mot Gloføykje som var neste fellesstopp. Eg sykla med gutta i front då eg fann ut at det eigentleg var utrulig kjekt for å teste formen litt. Etter kort tid var det faktisk karane som måtte henge seg etter meg, så det var jo moro! Dette stykket av turen er utrulig flott og naturopplevingane sto i kø. Gloføykje må vere den flottaste rasteplassen i kommunen, med majestetiske Hornelen i bakgrunnen. Hornelen er nord-Europas høgste sjøklippe, samt rasteplass for heksene på veg til Bloksberg. =0)

På Gloføykje.

Neste etappe skulle bli litt heftig eit par gonger. Vi sykla først gjennom Skatestraumtunnelen, som er ein undersjøisk tunnel 80 meter under havet, skal sei det gjekk unna ned den bakken! .......og bakken opp att var tung kan man si... men men.... eg kom meg no opp. Langs med Skatestraumen var det motvind heile tida og då vi kom til bakkane og svingane ved Oldeide var motvinden ganske så sterk. Når eg såg dei svingane eg skulle opp, så tenkte eg berre at det der går ALDRI. Eg hadde ein framfor meg opp bakkane, og det var motivasjon nok til å presse meg vidare. Eg forbante meg på at eg SKULLE sykle opp heile bakken. Det blei jo berre brattare og brattare og eg som trudde eg var på toppen når vi runda siste sving, men var vi det? neeeeida - enda ei lang bratt strekke...I MOTVIND! å fy flate kor tungt det var. På slutten av bakken var det ein smal svart tunnel uten lys, i oppoverbakke den også. Å hjelpes så glad eg var når eg var ute av tunnelen og såg rasteplassen der vi skulle ha pause. Eg var opp som nummer 2, så her blei det ei ganske lang pause for å vente på alle, for fleire gjekk opp. Det blåste ganske bra i perioder på denne rasteplassen, så då var det på med vindjakka. Litt action blei det også, då ein av syklistane blei påkjørd inni tunnelen. Det var ikkje noko alvorleg, anna enn eit raudt merke på armen - men det vart no litt å snakke om i pausen om ikkje anna.


Struen.
Ned bakkane og mot neste pause i Struen sykla eg i motvind heile tida. I Struen spiste vi opp resten av betasuppa før vi sette kursen mot Smørhamn. Ferga frå Smørhamn til Kjelkenes tek 40 minuttar, så det var ei laaang pause med småprating og soling på dekk. Siste etappen frå Kjelkenes og inn att til Svelgen var litt tung for beina. Det var bra fart på dei som låg først, og eg hadde sjølvsagt ikkje tenkt å vere dårligere, så eg hang meg på. Langenesbakken var faktisk ein bakke eg ikkje har tenkt så mykje over når eg har gått tur eller kjørt bil der, men jammen var den seig no på slutten. Bakken starta jo omtrent heilt nede med tunnelen ved Eikeland....og varte jo ein evighet. Ned Langenesbakken var desto kjekkare.

Vi var ved Svelgen hotell kl. 18.30, d.v.s 9,5 time etter starttidspunktet. Litt over 6 timer med effektiv sykling og resten av tida gjekk med til pauser og ferge. Eg var godt nøgde med eigeninnsatsen då eg var først på 4 av etappane denne dagen (så sammenlagtseieren er min! hehe). Sjølv om dette ikkje var noko konkurranse, så blei det jo litt konkurranse likevel blant oss som låg først, ingen tvil om det. Men det var jo berre moro det, kjekt å få litt utfordringer og kjekt å merke at formen er bra!

På hotellet samla vi oss til langbord ute og kosa oss med pizza i solsteiken. To Pære cider gjekk ned på høykant og smakte heilt fantastisk godt.

Smågutane fekk leika litt med andedammen (dei falske endene fekk gjennomgå for å sei det slik) og Leo var glad vi var heime igjen! Fleire kommenterte at gutane hadde vore tolmodige som har vore i bil i så mange timer denne dagen. Vi konkluderte likevel med at Leo truleg var den som hadde vore mest tolmodig i den bilen, heilt klart! 3 gutar på 5, 7 og 8 år, full i bananer og sportsdrikk, samtidig som du må kjører bil i timesvis, sakte sakte, bak ein haug med "syklister".

Jaja, uansett.....................det var ein heilt utrulig flott og minnerik tur i fantastisk ver og med fantastisk natur rundt oss. Turen kan absolutt anbefalast på det sterkaste og eg blir gjerne med til neste år også (dersom eg ikkje må vere barnevakt og følgjebil då...)

onsdag 27. mai 2009

Ferdig med eksamen!!!

Jippi.....ein ting til som kan kryssast av på lista over ting som må gjerast før sommarferien. Hadde eksamen innan IKT i dag - ei lita etterutdanning eg har teke dette året - og eksamen gjekk jo faktisk heilt strålande. Har vel aldri vore så lite førebudd til ein eksamen før, men følte eigentleg at eg likevel hadde full kontroll - og jammen santen trur eg faktisk at eg hadde rett. Då eg hadde gått gjennom presentasjonen min så hadde sensorane ingen kommentarar. Det einaste den eksterne sensoren sa var at ho var imponert - så det tar eg som eit GODT TEIKN!

Men jammen er det deilig å vere ferdig med den også, det har liksom vore der i bakhodet.
Og ikkje blei det streik heller :) jaja...............morradagen skal brukast til å lage litt kort kanskje, har nokre i bestilling, så er det spinning kl 20. Laurdag er det "Tour de Bremanger" , noko eg tenkte eg skulle hive meg med på..... får no sjå korleis det går :)

onsdag 20. mai 2009

Ferdig med førelesninga og klar til fest!

Ja, då var gjesteførelesninga mi i Volda over, og det gjekk kjempebra. Eg var ikkje nervøs eingong, så det tyder vel kanskje på at eg var ganske trygg på det eg skulle snakke om. Vi snakka meir eller mindre i eitt i to timer og eg fekk sagt alt det eg hadde tenkt til å seie - trur ikkje eg gløymte noko nevneverdig. Lit spørsmål blei det også på oss .........og skryt fekk vi !!! Det er kjekt å kunne presentere Bremanger kommune på ein slik måte, syne omverda at vi også gjere noko bra!

I dag skal eg i bursdag i Bergen, i 30 års dag til lisjesysta - GRATULERER MED DAGEN HILDE KATRINE! Det blir jo storslått feiring til langt på natt går eg utifra, så det gledar eg meg sjølvsagt til. I den anledning måtte eg sjølvsagt lage eit kort (det i bruntonar). Legg også ved eit anna, litt meir fargesprakande kort, som eg nett har laga ferdig (dersom du trykker på bilete får du ei litt større utgåve av kortet).


onsdag 13. mai 2009

E så happy atte

Jepp. Er i kanonhumør og veldig veldig veldig fornøgd med dagens møte. Vi har hatt foreldremøte i barnehagen i dag. Det i seg sjølv bruker vanligvis ikkje å vere så mykje å rope hurra for, hverken for foreldre eller tilsette. På slike møter sitter vel dei fleste og berre håper på å få gå heim igjen, men denne gongen får eg inderlig håpe at tankane var litt annleis. Annleis er iallefall stikkordet her. Då vi er inne i sluttfasen av eit stort språkprosjekt, så ønskte vi å syne foreldra korleis vi eigentleg jobbar med språk og språkfremjande aktivitetar i barnehagen. Vi lot derfor foreldra bli med på ei lita reise saman med oss, der dei fekk høve til å delta aktivt på ulike språkfremjande aktivitetar. Slikt kan jo skremme vatnet av einkvar, men dei var sporty og stillte opp. Vi styrte sjølvsagt unna songleikar, holde i hendene og slikt, for det kan verkeleg vere ei barriere for nokon. I tillegg til aktivitet synte vi to filmar som omhandla språk hos oss + at vi hadde ein stand med mykje av det materiale vi brukar i kvardagen.

Dette har vore eit møte som dei tilsette har brukt mykje tid på å planlegge og førebu seg til, eg var derfor mektig imponert over kor flinke alle var og kor bra dette gjekk. Det gjekk eigentleg akkurat slik eg hadde tenkt inni mitt hode, ikkje verst berre det (det er sikkert fordi dei har ein slik fantastisk god leder som inspirerer dei og får dei til å yte maks... he he).

Neste veke er det Volda og foredrag for førskulelærerstudentane som står for tur. Då er det eg og Siren som skal til pers :) Det blir jammen spennande det, men sikkert veldig lærerikt for oss begge (og forhåpentligvis for studentane også., hehe....)