mandag 17. mai 2010

Ny blogg med nytt tema

Ja, som de har merka har det jo ikkje akkurat vore stor aktivitet her dei siste månadane. Eg mista liksom lysta til å blogge på nyåret, så då vart det få nye innlegg. Denne sida blir nok stengt om ikkje så lenge, men før eg gjer det vil eg berre informere om vårt nye prosjekt.

No er vi nemlig igang med eit nytt prosjekt som gav meg litt ny inspirasjon til å blogge og dokumentere. Vi bygger HYTTE.

Denne bloggen vart jo eigentleg laga med tanke på scrapbooking og kortlaging, som adressa ber preg av. Vi har derfor oppretta ei ny blogg med ny adresse, og med eit heilt nytt tema.
Hyttebloggen kjem også Leo til å oppdatere.

Dersom du ønskjer å følgje med på hyttebygginga vår finn du bloggen her.

onsdag 17. februar 2010

litt oppussing og litt vannkoppar

Jaja. Eg hadde ein plan om at dette innlegget eigentleg skulle inneha fleire bilete av alt eg har gjort på rommet til gutane, men dei bileta har eg ikkje somla meg til å ta... men det kjem...ein dag.

Vi var til Bergen for eit par helger sida, så IKEA var jo sjølvsagt ein viktig stopp på denne turen. Eg berre ELSKER IKEA!!! Når eg ser meg kring om i huset har vi faktisk nesten berre møblar frå IKEA. Vi brukte sjølvsagt ALTFOR mykje pengar, men nesten alle pengane var på naudsynte ting til hus og heim. Gutane fekk seg nye senger og madrasser i tillegg til nye reoler. Loftsstua fekk seg nytt reolsystem også, så no er det berre å organisere og sortere alt på riktig plass.

Når det gjeld mine kreative krumspring skal eg komme med biletbevis der også.....ein dag. Eg har nemlig sydd nye puter til begge to og nye gardiner til Vetle. Nye puter til stova har det også blitt. No har eg tekstildilla og ikkje scrappedilla lengre... Neste prosjekt er å lage lappeteppe til gutane. Teppet skal sjølvsagt ha stoooore lappar, for noko tolmod kan eg ikkje skryte på meg akkurat. Når eg tenkjer meg om kan det godt hende det berre blir eitt lappeteppe... har jo aldri gjort slikt før så det kan jo hende at eg går lei...

Eg har faktisk scrappa litt i det siste, men det er mest datascrapping. Det er mykje betre å sitje å knotte på datamaskina i ei peisvarm stove framfor å gå ned i ei kald kjellerstove å dra fram papir. Mathias trengte nokre nye bilete til rommet sitt, så då datascrappa eg nokre til han. Dei blei ikkje så verst eigentleg. Nedanfor ser du eitt av dei.



Vetleguten fekk forresten vannkoppar i dag................trur vi. Det er jo festleg no når det er vinterferie... Han er forløpig i god form og har lite prikkar, så vi kryssar fingrane for at han slepp billeg frå det.

onsdag 27. januar 2010

Gutterom

Gutane treng verkeleg å få pussa opp rommet sitt snart, spesielt Mathias sitt rom. Begge treng ei ny seng og litt nye fargar. Eg har surfa mykje på nettet (som vanleg) og under finn de ein collage av noko av den inspirasjonen eg har funnet. Eg har henta bilder litt her og litt der, men har sjølvsagt ikkje skrive ned kor eg har henta bileta fra (urutinert altså), så om nokon eig bileta eg har brukt så rop ut så skal de få all kreditt :)


Kanskje eg får til noko av dette? Vetle elsker orange, så vi får no sjå..... og Mathias vil ikkje høyre snakk om oppussing i et heile tatt. INGEN skal røre hans rom! (men ho mor vil) he he...........så dette kan bli ei utfordring.

torsdag 7. januar 2010

Godt nyttår!

Ja, då er det nye året igang. Kontoen er skrapa og straumrekninga tørr eg ikkje tenke på eingong. I går sette Noreg straumrekord og varmepumpa vår går døgnet rundt. Det er altså skikkelig vinter ute, med minus 10 grader og masse masse puddersnø til å leike i. Det må vere maaaange år sida det har vore så mykje snø som har lagt så lenge her i Svelgen. Det ser ut til å vare ei stund også. Det er eigentleg ganske deilig. Det skulle ikkje forundre meg at dette kjem til å vere den mest snørike vinteren i "manns minne", no når vi skal førebu plate og diverse på hyttatomta. Snøen kjem vel til å ligge til langt uti mars =0) men men.............den forsvinner vel truleg lenge før den tid. Vi får nyte det så lenge det varer..................det kan bli mange år til neste gong. Til helga skal vi gå på ski innover Risevatnet då det er meldt strålande ver.


Eg må nesten syne fram ei av julegåvene mine. Denne er det nok ein baktanke med.....
men stilig var den! importert from "over there" av min bedre halvdel.

lørdag 19. desember 2009

Det snør det snør...tiddelibom

Endelig er julestemninga her. Det laver ned med snø.................deilig!!!! Vi skal riktignok ut på biltur i morgon, og då er eg ikkje så glad i snøen. Men så lenge eg kan sitte her og sjå ut vindauge så er det heilt supert. Ungane har fått fram skia og gått seg nokre runder i dag. Dei har også måka innkjørsla slik at dei har laga ein svær haug med snø rett framfor bilen. Smart.


I dag har eg laga siluettbilder av gutane. Dei er ikkje mykje like nei. Kan du sjå kven som er kven?

lørdag 5. desember 2009

julegåver

Ja.............så er det desse julegavene. Har vel kome sånn passe i gang med dei eigentleg. Har kjøpt til søsken og svigerinner/svogere. Gåve til svigerfar og pappa har eg også kontroll på, men mamma og svigermor er det verre med. Ungane har heller ikkje fått noko genialt enda, ei heller min bedre halvdel. Julegaver er vanskeleg. Det skal gjerne vere noko personleg, noko ein verkeleg har tenkt ut og som dei skal ha bruk for eller ser nytteverdien av. Hm.............. ikkje lett det der.

Det eg har kjøpt til no har eg faktisk kjøpt på nettet, og det kan vere veeeeldig praktisk. Då slepp ein stresse rundt i alle butikkar og gjere panikkjøp. Ein kan sitte i fred og ro, surfe og bestille det ein måtte ønskje. Ulempa er sjølvsagt at ein ikkje alltid veit korleis gåva eigentleg kjem til å sjå ut. Det er alltid like spanande når produkta skal hentast på posten (og nokre bomkjøp har vi jo hatt med åra....).

Eg fann ein ny nettbutikk i dag som er ein norsk nettstad som ikkje er reint ulik etsy.com. Den heiter epla og er ein butikk der ein kan kjøpe (og selge) handlaga og eigeprodusert design. Kanskje du finn noko spanande som du kan gje vekk i julegåve? Kanskje du til og med har produkt du har lyst å selge her? Hm.............. det var noko å tenke på!



søndag 29. november 2009

Adventstid


Ja, då er adventstida her, men desember byrjer ikkje før tysdag vel og merke. Desember har ein tendens til å bli særdeles travel og som vanleg har eg sagt til meg sjølv at sånn skal det ikkje vere i år!!!

Eg har vaska både her og der, så den biten er delvis unnagjort. Julebøkene er funnet fram til ungane og mykje av julepynten er faktisk på plass kring om i huset. Gjesterommet er rydda (blir fort lagerplass for alt vi ikkje veit kor vi skal plassere), vaska og ommøblert. No er det faktisk plass til nokon der inne. Dei første julekakene baka eg i ettermiddag (kransekakepinnar) og dei er klar til å frysast ned. I år skal eg bake Sara Bernard kaker, for dei er berre kanooooongode.

I år skal eg verkeleg etterstrebe ei roleg adventstid med berre kos, så får vi sjå om eg får det til :) Lese julebøker, bake julekaker og kanskje til og med ha juleverksted. Vi vakna jo opp til ei kvit bygd i dag også - på 1. søndag i advent! Det kunne ikkje klaffa betre. Eg gleeeedar meg til resten av adventstida :)

søndag 15. november 2009

50 års jubileum

Då er skulejubileet over og det vart ein vellukka fest vil eg seie. Utstillinga blei bra og det var mange innom for å sjå på klasseromma og på utstillinga. Festen i idrettshallen gjekk over all forventning. Hallen var stapp full av folk i alle aldrar. Elevane gjennomførte sine songar med glans og alt gjekk på skinner. Det var variert program og noko for ein kvar smak. Programmet varte noko lengre enn vi hadde planlagt, så det var mange trøtte og sultne ungar når festen var slutt kl 20.20. Det gjekk også rimelig fort føre seg her i heimen når ho mor skulle gjere seg klar til middag på hotellet. Eg kom meg no ned til kl 21, klar til middag og dans.

lørdag 14. november 2009

Kulturnatt og skulejubileum

I går var det kulturnatt i bygda. Det var mykje på programmet heile kvelden. Gutane var på Norgespremiere saman med besteforeldra på Jul i Blåfjell. Etterpå var det eventyrstund og deretter open scene på hotellet. Det var mange flotte innslag på hotellet denne kvelden. Alice og nokre andre jenter var ein av dei som hadde "opptreden". Dei dansa ein dans med musikk frå Michael Jackson - kjempebra jobba jenter.
I dag er det også tett program. Det er obligastorisk skuledag i dag, sjølv om det er Laurdag. Svelgen skule feirar sitt 50- års jubileum. Det blir opning kl. 12.30 med skulemusikk og drill.
Kl. 13.00 opnar utstilling på ungdomsskulen og kl 16.00 opnar dørene i idrettshallen. Her blir det underhaldning frå kl 17.00 til kl. 19.30. Etterpå skal alle børnene heim og legge seg medan vi vaksne skal unne oss ein betre middag på hotellet. Gamle kjenningar som Pegasus 1 og Svelgen Swing skal opptre igjen, for første gong på mange år. Eg har trua på at det skal bli ein hektisk men kjekke dag :)

lørdag 7. november 2009

Halvsjuk heile veka

Denne veka har gått vannvittig fort, samstundes som eg har vore uhorveleg sleten. I utgangspunktet trudde eg at eg var sleten grunna rangling og diverse i helga, og at eg rett og slett var blitt for gammal til det her. Etterkvart skjønte eg at eg var nok litt småsjuk ja.
Eg begynte veka med lavtrykk i hovudet, som forflytta seg nedover og blei til lavtrykk + tett nase, som så blei til tett nase + sår hals. Fredags ettermiddag hadde eg rimeleg hes stemme, medan fredags kveld var eg så og seie stemmelaus. Leo prøvde å tvinge i meg noko konjakk, noko som visstnok skal hjelpe på stemma. Eg gjorde nokre (halv)tapre forsøk men berre lukta fekk meg til å vike. Nei fysj!!!! Det fekk eg berre ikkje i meg. Det lukter jo berre heilt gruuuusomt! I dag hoster eg litt, men stemma er delvis tilbake og nasa har fri ferdsel. Kanskje raudvinen i går hjalp :) Det er heilt tydeleg at forkjølelsen er på veg i retur. Men det er litt morosamt korleis litt sjukdom får folk til å rygge unna........no i desse "svineinfluensa-tider".

Vi (les Leo) har no fått jobba litt med utestua i dag medan eg fekk ordre om å halde meg innandørs for å betre helsa (ikkje fordi eg var dårleg til å snekre utestua altså!).Det går seint framover, men det skuldast rett og slett altfor mykje å gjere i vekene, og ALTFOR tidlig mørkt ute. Jaja.............det viktigaste er at vi blir ferdig innan sommaren 2010.
Eg har baka 8 brød, 24 "hastverksbollar" og scrappa litt juledill. Så egentleg godt nøgde med dagen :)

søndag 1. november 2009

Hytte

Sånn dagen derpå er det fint lite eg gidder å ta meg til, så då blir det kun surfing surfing surfing. What a night !!! hjelpes. Skal holde meg laaaangt unna tyrkisk pepper ei stund iallefall. Man får jo så skrekkelig dårlig hukommelse av det også!!!

I dag har eg surfa innom det meste. Det blir mykje hus og hytteblogger for tida då vi (nesten) har kjøpt oss hyttetomt og satser på å ha den ferdig i løpet av neste år. Drømmen er å få til eit hus og og ei tomt som ligner litt på sørlandsidyll, med eit kvitmalt lite hus, steinheller i plenen og masse anna som eg har inni hodet mitt men har vanskar for å formidle i dag :)

her er nokre bilete eg har lagra på maskina mi. Eg har henta dei frå forskjellige nettsider, men gløymt å lagre kor dei er henta i frå.

Portveien 2

tirsdag 27. oktober 2009

Alta og Kautokeino




Ja, det er vistt kritikkverdige forhold her på bloggen - får beskjed om at eg må oppdatere oftare. Hehe.....ja, eg må visst skjerpe meg.

Dagane fyk avgarde og eg har vore både her og der den siste tida. Sida sist har eg til dømes vore ein tur til både Alta, Kautokeino og Loen. I Alta var det konferanse i regi av utdanningsdirektoratet. Vi la fram for andre korleis vi dei siste åra har jobba med språkstimulering i skule og barnehage her i kommunen. Vi fekk veldig mykje gode tilbakemeldingar på arbeidet vårt, så det var kjekt. For å få litt meir ut at turen reiste vi opp to dagar før konferansen. Alta er vel ikkje den vakraste byen i Noregs land, men nokre butikkar datt vi no innom. Utruleg praktisk å bu på eit hotell i enden av ei handlegate...

Ein av dagane leigde vi oss bil og kjørte til Kautokeino, som ligg ca. 2 timar unna. Det var tørt og fint over Finnmarksvidda og nokre reinsdyr fekk vi også sjå (sjølv om nokon i bilen trudde det berre var nokre skinn som hang der i skogen.........heilt til dei bevegde på seg.........det var utrulig komisk og det blei mykje latter ut av det). I Kautokeino besøkte vi Juhl Sølvsmie og galleri, eit særdeles interessant bygg med mykje innhald. Eg endte opp med to flotte sølvringar av Regina Juhl og eit måleri som Frank Juhl har mala. Ganske so nøgde med begge deler. No kjem det heilt ann på om eg får ramma inn dette måleriet då....


på veg tilbake ville vi ha noko å ete, men servingsstadar var det heller dårleg med. Vi enda opp med ei pølse med brød på Statoil. Jammen santen kom det ikkje inn ein innbyggar inn i fullt samisk antrekk også, så då var jo turen fullkommen :)

søndag 11. oktober 2009

Framgang

Utrulig nok har vi framgang på utestua, og det grunna fint ver! Ja, det er ikkje til å tru, men det har faktisk vore opplett i helga. Det har resultert i shingel på taket. Juhuuu!!!
Vi er ikkje heilt ferdig då. Denne gongen er det kun Leo som har jobba på taket, medan eg har gjort anna førefallande :) I morgon er det også meldt opplett, så då får vi sjå om ikkje siste resten også blir ferdig.

tirsdag 6. oktober 2009

Gløymte ein liten detalj...

Eg gløymte jo å legge ut det viktigaste bilete!!!!

Når eg skreiv vi, så meinte eg faktisk vi altså. Yes eg har snikra til den stoooore gullmedalje. Har ei merkeleg smerte i ein eller anna muskel i armen - trur det blir kalla gangsperre :) (best å ikkje nemne det høgt, då blir eg vel mobba for det...). Eg har faktisk spikra dei fleste spikrane i det taket der! Godt nøgd med innsatsen.




Og etter at eg hadde snikra tak så gjekk eg inn og lagde ei stor panne med komle (skal sei eg har mange strengar å spele på, hehe...). Har ikkje ete komle på uendeleg mange månedar, så det smakte fortreffeleg etter ein arbeidsdag på taket :)

Utestue

Ja, då er vi endeleg eit steg nærmare ei utestue. I går var det faktisk opplett store delar av dagen, så vi fekk snikra ferdig taket på utestua. Vi skal ha shingel på toppen, men fekk ikkje tid til det. Vi har lagt presenning på slik at materialen ikkje blir heilt gjennomvåt. vi må jo ha tørt tre når vi skal legge på shingelen og i desse tider er det laaaangt mellom dei tørre dagane. Det er faktisk meldt opplett på torsdag og fredag. Forhåpentligvis kan vi få lagt taket ferdig då. Her er iallfall nokre bilete av prosessen (men har ikkje bilete av tak og presenning. Det kjem ein dag det er opplett igjen...).

No over til noko heilt anna:
Hjorten er eit fantastisk flott dyr. Vi har to hjortar som travar rundt i nabolaget vårt heile natta. Det er ei kolle og ein kalv som kvar kveld går gjennom hagen vår og ned i nabolaget. Her ein kveld spaserte dei ned snarvegen framfor huset vårt allereie i 21.30-tida. Dei går gjerne ikkje opp att i skogen før langt ut på morgonkvisten. Dette bilete har eldstedattera tatt ein dag dei skulle på skulen. Sjølv om eg har hjortar i hagen ofte og ser dei langs vegen stadig vekk, så blir eg aldri lei av å sjå på dette flotte dyret. Eg blir like fasinert kvar gong. Desse hjortane her er iallfall så tamme at dei reagerer ikkje noko særleg på bilar eller menneske. Eg kom kjøyrande ein morgon då dei stod midt i vegbana. Dei gadd knapt å flytte på seg slik at eg kunne kjøyre forbi. Kanskje tettbygde strøk er den tryggaste staden å vere no i jakta...

torsdag 24. september 2009

Gått i dvale...nesten

Ja............ein kan jo begynne å lure. Har vore ein smuuuuule sløv med bloggen den siste tida kan man si. Eg har eigentleg inga særs god begrunning for det heller. Vekene fyk avgarde med møter og dugnad både her og der. Denne veka har eg ikkje vore heime på kvelden hverken på tysdag, onsdag eller i dag. I morra skal eg vere vakt på Realen til midnatt, så då blir det ikkje sofasitting då heller. Har alltid trua på at neste veke skal bli hakket betre......men når eg tenker meg om har eg avtaler på kveldstid både tysdag, onsdag, torsdag og fredag ("og slik gjekk no dagan").
Eg trøster meg med at det er HAUSTFERIE om ei veke! Eg som aldri har hatt haustferie før. Juhuuu!!!! Det skal jammen bli deilig.

Eg har ingen store planar for haustferien, anna enn at eg har ikke tenkt til å delta på eit EINASTE møte. Eg/vi bør også få gjort noko meir med utestua på terassen. Det går litt seint der ute, men det har mest med å gjere at det regnar jo heile ...... tida jo!!!. Ein kan bli deprimert av mindre. No mååååå det berre komme ein opphaldsperiode! Eg blir snart gaaaal av all nedbøren. Noko seier meg at eg bør få laga nokre kort også, men vi får no sjå kva det blir til.
Ein tur til By'n (les Bergen) hadde jo også gjort seg..... eg kjenner det rykker litt i shoppefoten berre ved tanken :) Vi har jo ikkje besøkt Sønnøve i Stavanger heller...............hm... kanskje det ikkje blir så mykje arbeid med utestua likevel :)

onsdag 5. august 2009

Er jo blitt litt HANDY jo :)

Joda, ...men berre litt.

Vi har jo fleire prosjekt på gang, som vanleg. Innandørs er det det knøttlille badet på loftet som står i fokus. Vi har hatt alt liggande i aldri så lang tid, men det har gått noko seint med arbeidet gitt. Her om dagen tok vi omsider fatt på flising, og eg har då "flisa" mi første flis. Jepp jepp. Eg flisa midt på golvet, og på det lille rommet var det ikkje mange flisane eg la før eg ga ansvaret over til nokon andre som var litt meir kyndig enn meg. Men 1o fliser kan eg no skryte på meg at eg har lagt.

Og som om det ikkje var nok...

I dag bar eg 945 kg mursteinblokker fra innkjørsla, rundt huset og opp trappa til terrassen på baksida av huset medan Leo var på jobb. I ettermiddag begynte vi så på muren. Så no har eg blanda sement og støypt mur på terrassen. Ja, eg berre seier det. Rett før eg kan gå opptil fleire stk i næringa her, he he... (Kan vel legge til med lita skrift at Leo sjølvsagt var rettleiar og medarbeider her altså).

Eg er med andre ord godt nøgde med eigeninnsatsen denne veka:)

onsdag 29. juli 2009

Årets beste konsertoppleving

I går var eg på konsert med dronninga av pop, og det kan seiast å vere den beste musikkopplevinga eg har hatt (eg veit ikkje om det seier så mykje men....uansett). Vi venta riktignok i over 5 timar før ho dukka opp og ho spelte ikkje i 2 timer eingong, men fy flate kor fornøgd eg er likevel.
Vi kjøpte Golde Circle billettar, som kosta noko meir enn vanlege billettar, men eg er likevel utrulig glad for at vi gjorde det. Vi kom til Valle Hovin ca. kl 16.00 og stod i kø utforbi til kl. 18.30 før dei opna dørene. Vi stod langt framme i køa, noko som resulterte i plass heilt framme ved catwalken. Det skulle ta si tid før dronninga dukka opp, ikkje før kl 21.20 entra ho scena. Det var berre ei heilt utrulig oppleving å få sjå Madonna på nært hald. På slutten kom ho ned langs catwalken og gjekk langs med publikumsrada og lot folk synge inn i mikrofonen. Ho måtte sjølvsagt slutte med det 1 meter før ho kom dit vi stod! men likevel - så nær ei superstjerne er eg godt fornøgd med. Eg er vanligvis lite opptatt av kjendiser, men Madonna er STOR!

fredag 24. juli 2009

Kongekommentar

Jaja.

Eg er heilt hyttesjuk for tida og har VELDIG lyst på hytte ein eller annan plass. Vi snuser så vidt på ei tomt, noko som har resultert i at eg tenker på hytte og hyttetyper meir eller mindre HEILE døgnet. Det er det siste eg tenker på når eg går og legger meg og det første eg tenker på når eg står opp. Eg har til og med drøymt om hytter fleire netter på rad. Det gjorde eg i natt også. Då Vetle kom luskande ned i natt hadde eg følgande kommentar i søvne: "Ikkje legg deg her (på ytterkanten).... her er det så trangt, legg deg bak hyttene i stedet".

Hehe..... eg registrerte ikkje at eg sjølv hadde sagt det før Leo lo høgt og sa "ka va det du sa no?". Då vakna eg litt meir og måtte le litt eg også. Vetle skjønte tydeligvis ka eg meinte, for han gjekk no og la seg i midten av senga (eller "bak hyttene" som det no heiter).

Snakk om å vere fokusert!

søndag 12. juli 2009

Vetenløpet

Vi deltok på Vetenløpet i dag. Meg, mamma, pappa og gutane. Vi deltok riktignok i mosjonsklassen då. Vi hadde kledt oss lett, kanskje litt for lett. Eg var jammen glad vi pakka ned ei ullskjorte i kvar sekk, for det trengte vi i dag. Vi skulle helst hatt vottar og hue også ei stund. I byrjinga var det fint men oppe på siste flata var det vind og tett tåke. Det var riktig så ufyseleg og lite motiverande å gå i vind og tåke med for litt for lite klede i ein halv time mot mål, pluss ein halv time tilbake. Vi vaksne klarte oss jo greit, men ungane ville helst berre heim igjen. Vi prøvde å fokusere på den minste lille positive ting og etter ei VELDIG lang stund hørte vi nokon som ropte "heia heia" - eg speida no litt uti tåka og skimta så vidt målområdet. Der fekk vi medalje, noko som var stor stas. Nedatt gjekk litt lettare. Så fekk vi no noko å sjå på når konkuransegruppa kom springande.